Tida snart ute for leveringsplikta
ORDNING FOR FALL: Om fiskeforedlingsbedrifta Norway Seafoods ikkje får hjula til å gå rundt kan leveringsplikta for Gadus Neptun (biletet ) og resten av Havfisk-flåten stå for fall. 
Analyser

Tida snart ute for leveringsplikta

Er det håp for landbasert filetindustri når Kjell Inge Røkke-dominerte Norway Seafoods ikkje kan betale husleige?

19.07.2015
ANALYSEDenne veka fortalde det børsnoterte fiskebåtreiarlaget Havfisk ASA at leigetakaren Norway Seafoods ikkje er i stand til å betale husleige for anlegga selskapet leiger frå Havfisk ASA.Då Aker Seafoods blei delt i to i 2010, vart fiskebåtreiarlaget Havfisk eigar av anlegg på land, med fiskeindustribedrifta Norway Seafoods som leigetakar på langsiktige kontraktar. I år skal Havfisk ha 10,1 millionar kroner i husleige for Norway Seafoods, men utsiktene til at pengane kjem er så usikre at Havfisk har bestemt seg for å bokføre tapsavsetningar på kravet.Norway Seafoods-resultatet for 2014 er førebels ikkje offentlegjort, men det er all grunn til å tru at det blir dyster lesing. I 2013 hadde konsernet Norway Seafoods Group driftsinntekter på 1,7 milliardar kroner og eit resultat før skatt på minus 55 millionar. I 2012 var underskotet fire millionar, og i 2011 minus 32 millionar kroner. Eit pluss på fem millionar i 2010 er ei mager trøst. Etter delinga av Aker Seafoods i 2010 har foredlingsverksemda på land samla sett gått 86 millionar kroner i minus.Sjølv om Havfisk skulle velje å sette ein strek over heile husleigekravet er det ikkje nok til å snu skuta.Domsteinfamilien gav opp kvitfiskproduksjonen i Måløy i 2012 og vedgjekk etterpå at dei hadde halde liv i verksemda for lenge. Men kvitfiskindustrien var ein stor arbeidsgjevar i Måløy, og det gjorde nok at bedrifta fekk leve lenger enn ei streng økonomisk vurdering tilseier.Signala frå Havfisk kan vere eit varsel om at ein ny stor filetprodusent står i fare.Kjell Inge Røkke kjøpte seg på 90- og 2000-talet inn i norsk fiskeri, i det som etterkvart vart heitande Aker Seafoods. Aker Seafoods fekk kontroll over flåten som i dag ligg i Havfisk ASA, gjennom å kjøpe fiskeindustriselskapa som eigde båtane. I byte for å få hand om kvotane som var knytt til båtane, måtte selskapet forplikte seg til å levere fisken til industrien på land - til bedrifter som først og fremst dreiv med tradisjonell filetering - med forbrukarpakkar i frysedisken som eitt av sluttprodukta. Leveringsplikt vert det kalla, og ordninga lever framleis.Kjøpet skjedde ikkje utan politisk bråk, men det gjekk gjennom, og Røkke viste også vilje og evne til å investere på land i Nord-Noreg, der anlegga ligg.Bråk blei det også i 2010 då Aker Seafoods blei delt i to. Skeptikarane tolka det som eit steg på vegen mot å kvitte seg med produksjonen på land, og berre sitje att med dei lønsame fiskekvotane. Avtalar mellom Havfisk og Norway Seafoods skulle garantere for at fisken framleis blei levert på Norway Seafoods-anlegga, men når Norway Seafoods-resultatet snart kjem kan debatten blusse opp på ny.Røkke er kanskje kynisk, men etter så mange år på eigarsida i fiskeindustrien er det vanskeleg å skulde han for å vere kortsiktig. Og sjølv om Havfisk leiger ut anlegga gratis, vil Norway Seafoods slite med økonomien. Som for Domstein går det truleg ei grense også for kor lenge Røkke vil halde liv i filetproduksjonen.Problemet for han er at anlegga ligg i Nord-Noreg, og at det var vilkår om leveringsplikt då han kjøpte det som i dag er Havfisk og Norway Seafoods.Fiskeindustrien har ein større symbolverdi i nord enn i sør. I dei lokalsamfunna anlegga ligg er arbeidsplassane viktige, og dei som var mot å sleppe Røkke inn i norsk fiskeri vil få vatn på mølla.Då Røkke satsa i Nord-Noreg var endringane i disfavør av norsk filetindustri allereie i gang. Fryseteknologi og frysehotell gjorde det lett å fryse fisken til havs, og transportere den frosen til Kina, der billeg arbeidskraft sto klar til å filetere, pakke og skipe fisken attende til marknaden. Til og med i Vardø, med fiskefelta rett utanfor, har eg funne 400 grams filetpakkar i frysedisken, der fisken hadde tatt vegen frå Noreg og attende.Arbeidskrafta i Kina har rett nok blitt dyrare, men elles er mange av føresetnadane som talar mot å drive filetproduksjon i Noreg framleis på plass.Ny teknologi som skal automatisere fiskeforedlingsindustrien er på veg, men den kan truleg byggast inn i fiskebåtane også, slik at den ikkje vil favorisere produksjon på land. Dessutan er det ikkje sikkert at tradisjonell filetproduksjon er det marknaden vil ha. Dersom konkurrentar kjem opp med alternative måtar å foredle fisken på, og kan betale betre, skal då Havfisk likevel levere til Norway Seafoods sine anlegg i all framtid?Kva skjer om Norway Seafoods gir opp? Politisk bråk blir det nok, men vil Havfisk - med hovudkontor i Ålesund - måtte gi frå seg kvoterettane fordi selskapet ikkje lenger kan oppfylle dei opphavlege leveringsforpliktelsane?Det skjer neppe. Havfisk kan høgst sannsynleg finne andre løysingar som er politisk akseptable. Fiskeriminister Elisabeth Aspaker har dessutan sett i gang eit arbeid for å revurdere heile fiskeripolitikken, inkludert fordeling og råderett over fiskekvotane.Tida for å frikoble Havfisk ASA frå leveringsplikt kan snart vere inne. For aksjonærane der er det godt nytt.

Publisert: 19.07.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59