Saman med fleire investorar med lang erfaring frå oppdrettsnæringa etablerte Jostein Sætrenes selskapet Prohav i fjor.
Prohav har samarbeidd med Ulstein Design & Solutions om å utvikle eit nytt bløggefartøy. Dei to første byggenummera til Prophav er allereie under utvikling ifølgje selskapet.
Tilbod frå verft som kan bygge fartøya er henta inn, og går alt etter planen, blir fartøya bestilt i fjerde kvartal i år, ifølgje ei felles pressemelding frå Prohav og Ulstein Design & Solutions.
Internasjonalt selskap
Målet til Prohav er er å bli eit internasjonalt selskap, med hovudkontor i Nærøysund kommune i Nordland, og etterkvart med basar i Ulsteinvik, Bodø og Trondheim, skriv selskapet på si nettside.
Ein bløggebåt - også kalla prosessbåt - er eit fartøy der fisken blir tatt om bord frå oppdrettsanlegg og avliva. Deretter blir den frakta til slakteri som gjer resten av jobben. Det sparer mellom anna plass samanlikna med å bruke ein brønnbåt, som fraktar fisken levande fram til slakteriet.
Sætrenes eig 10 prosent
Sætrenes eig 10 prosent i Prohav gjennom sitt heileigde selskap Sun Equity.
Resten av eigarskapet er likt fordelt mellom selskap eigd av Tarald Sivertsen, Arnfinn Aunsmo, Terje Andreassen og dagleg leiar Ivar Sandneseng.
Sivertsen var medgrunnleggar av oppdrettselskapet Follalaks som vart seld til Cermaq i 2005. Han har halde fram som ein aktør og investor i oppdrettsnæringa sidan.
Aunsmo er dagleg leiar av selskapet Salmalytics og professor II ved Norges Biovitenskaplege Universitet.
Andreassen har mellom anna vore dagleg leiar i Moen Marin.
Sandneseng er grunnleggar av oppdrettsteknologiselskapet Mekon.
Publisert: 19.08.2025 09:03
Sist oppdatert: 19.08.2025 10:52






