Frå starten i 2016 har Åge Remøy og partnarane Magnus Roth frå Sverige og Thorsteinn Mar Baldvinsson frå Island bygd opp Rem Offshore til eit reiarlag med 20 skip, som hadde 1,8 milliardar kroner i inntekt, 750 tilsette og 700 millionar kroner i overskot i fjor. Dei tre eig ein tredjepart kvar av selskapet gjennom eigne selskap.
Remøy eig sin del av Rem Offshore gjennom det familieeigde selskapet Barentz.
No er børsnotering av Rem Offshore blitt eit tema, men Remøy ønskjer ikke å gå på børs,.
Frå to til 24 millionar i formuesskatt
– Desse to investorane som eg har med meg, dei er sjølvsagt noko meir finansielt inspirerte enn det eg er. Eg har eit industrielt syn og er industribyggar og har eit livslangt perpektiv på det eg driv med. Dei ser gjerne at vi no snakkar om å gå på børs, og eg strittar i mot, sa han på folkemøtet om formuesskatt i Herøy fredag kveld, 22. august.
Grunnen til motstanden mot ei børsnotering er at det vil utløyse ein auke i formuesskatten og utbytteskatten for Remøy og familien, frå til saman to millionar i året no til 24 millionar kroner i året etter ei børsnotering.
Skatteanslaget er berekna ut frå ein verdi på Rem Offshore på fem milliardar kroner ved ei børsnotering, som er den verdivurderinga eigarane per i dag har for selskapet. Ved ei børsnotering aukar verdien formuesskatten blir berekna ut i frå, samanlikna med om selskapet held fram som eit ikkje-børsnotert selskap.
Må ta ut 72 millionar
Ein slik skatteauke for Åge Remøy og familien gjer at familieselskapet må ta ut tilsvarande beløp i utbytte frå reiarlaget for å betale skatten.
– Eg må hente det ut av bedrifta. Eg har ikkje noko val. Men dei to andre skal også ha det same (utbyttet, red. merk) som eg har, altså tre gangar 24 millionar. Det blir 72 millionar kroner, må bedrifta betale ut for at eg skal kunne betale formuesskatten min, sa han.
No er han usikker på kva han skal gjere.
– Eg er faktisk veldig i tvil om korleis vi skal handtere dette. For eg kan ikkje med ope sinn gå inn i ei børsnotering som har sånne konsekvensar som det som no ligg framføre oss.
Forstår partnarane
Behovet for å hente kapital - til dømes gjennom ei børsnotering - vil melde seg på eit tidspunkt, etter Remøy si vurdering.
– Det er kapitalintensivt det vi driv med, så på eitt eller anna tidspunkt så må vi hente kapital i marknaden, sa Remøy på folkemøtet.
Til Nett No seier han at han også både forstår og respekterer at partnarane vil ha høve til ein exit frå selskapet, og at børsnotering er eit verkemiddel til å oppnå det.
Men med dagens formuesskatt strittar han altså i mot.
Les også
Ligg an til brei deltaking når formuesskatten blir tema. Men finansministeren kjem ikkje.
Statsministeren inviterer ikkje akkurat til forlik i skattepolitikken.
Publisert: 23.08.2025 05:00
Sist oppdatert: 23.08.2025 10:05






