Trist og troest fraa Statoilsjefen
BLANDA BODSKAP: Oljeprisen vil stige, men aktivitetsnivået kjem ikkje til å auke like mykje, fordi Statoilsjef Eldar Sætre vil ha meir att for kvar krone som går til drift og investeringar. Her blir han intervjua av NRK under investorkonferansen Børs og Bacalao.
Analyser

Trist og trøst frå Statoilsjefen

Etter oljeprisutviklinga er det Statoil som er den viktigaste premissgivaren på norsk sokkel. Statoilsjefen varslar både betre og tøffare tider.

21.02.2016
ANALYSEDen beste middelet mot ein lav oljepris er ein lav oljepris, seier Statoilsjef Eldar Sætre frå scena under investorkonferansen Børs og Bacalao i Ålesund denne veka. Sætre vil på ingen måte spå om oljeprisutvikling på kort sikt, men på lengre sikt er han ikkje i tvil om at oljeprisen vil gå opp. Grunnen er enkel og grei. No blir det kutta i leiting og utvikling, og etterkvart som gamle felt går ut av produksjon vil tilbodet minke under etterspørselen, og prisane går opp.At det skjer er Sætre sikker på. Men når dette skjer, og kor mykje prisane vil stige kan og vil han ikkje svare på.Enda viktigare for alle bedriftene som har heile kroppen eller berre ein fot innanfor oljebransjen, er at Sætre ikkje vil basere seg på at oljeprisen skal stige heller.Kostnadane i Statoil skal tilpassast ein lågare oljepris, og kostnadane skal ikkje opp på ny om oljeprisen stig.- Denne gangen må vi klare å bite oss fast, seier han til NETT NO om kostnadsnivået framover.Klarer Sætre å bryte samanhengen mellom kostnadsutvikling og oljeprisutvikling betyr det mellom anna at offshorereiarlaga må innstille seg på at det vil ta lengre tid før dei får alle fartya ut av opplag og inn i arbeid. Sætre går for løysingar som gjer at Statoil kan få meir ut av skipa som blir leigd inn. Det kan bety betre planlegging og mindre dødtid, men også favorisering av dei mest allsidige fartya. Heller leige eitt farty som kan klare alle operasjonar, enn å behøve mange, men enklare farty til same jobben.Nett no er nok storparten av merksemda hos offshorereiarane retta mot refinansiering og gjeldsituasjonen. Når den er avklart vil truleg korleis reiarlaga rette all merksemd mot korleis dei skal tilpasse seg ein varig lågare oljepris og oljeselskap som vil ha meir ut av kvar innleigd båt. Sætre baserer seg ikkje på stigande oljepris, og det vil neppe reiarane gjere heller.Den som no greier å kome opp med ein god ide til alternative bruk for offshorefarty i opplag, kan truleg sjå fram til ei sorglaus framtid, i alle fall økonomisk.Det er hos riggeigarar og offshorereiarar dagens overkapasitet i oljebransjen først og fremst har hopa seg opp.For utstyrsprodusentar av alle slag er det og blitt mindre å gjere, med permitteringar og oppseingar som konsekvens. Dei kan ha større og fleire anlegg og ein større maskinpark enn dei treng i dag, men har uansett ei lettare oppgåve i tilpasse seg etterspørselsfallet.Når oljeprisen sluttar å falle, og eventuelt stig er nødvendigvis ikkje eit Statoil på kostnadsjakt ei ulempe. Oljebransjen er skulda for å vere konservativ og tungrodd, og sein til å ta i bruk ny teknologi som kan kutte kostnadar. Den vil ha det som er velprøvd og trygt.Oljeselskap som er ute etter å få meir att for pengane blir automatisk meir opne for nye løysingar. Det opnar marknaden for nye idear og metodar, som kan vere lønsame å investere i. Det er ikkje slik at alt stoppar opp om oljeprisen er låg.Eit Statoil som klarer å tene pengar på ein lågare oljepris vil også kunne begynne å auke investeringane på ein langt lågare oljepris enn det kunne for berre eitt og to år sidan.Verdt å merke seg er og at Sætre har etablert fornybar energi som eit eige forretningsområde i Statoil, med vindkraft på topp. Mykje av den produksjonen vil foregår til havs, og då trengst det båtar.For næringslivet utan om oljebransjen er oljeprisfallet eit godt stykke på veg eit gode. Oljebransjen er ein så stor del av verdsøkonomien at det er negativt om aktiviteten blir for låg, men eit billegare olje og mindre konkurranse om kapital og arbeidskraft har fordelar.For Sogn og Fjordane, som ligg mellom oljefylka Rogaland og Hordaland i sør og Møre og Romsdal i nord, har oljeprisfallet alt i alt vore ein fordel så langt, sa administrerande direktør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane denne veka. Det har blitt lettare å rekruttere folk, og både fiskeeksporten og reiselivsnæringa profiterer på den låge kronekursen, som er ein konsekvens av oljeprisfallet.- Totalt vil eg seie at næringslivet vinn på det som skjer, sa Andenæs.Det gjeld ikkje i Møre og Romsdal. Der er det fleire som taper enn som vinn, men å satse på at oljeprisen og aktivitetsnivået kjem attende til gamle høgde er ikkje eit godt alternativ.

Publisert: 21.02.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59