Analyser
Tynnaste ordrebok på 60 år
I år har norske verft signert 10 nybyggingskontrakter for i alt 2,4 milliardar kroner. Bransjen fryktar det ikkje blir så mange fleire.
03.05.2020
ANALYSE
På verdsbasis er talet på nybyggingskontrakter så langt i år over halvert, samanlikna med same periode i fjor. I det finanskrisa starta i 2007/2008 var det over 12.000 skip i ordreboka. Ordreboka fortel kor mange skip som er bestilt og enno ikkje levert. I år er det litt over 2000, og neste år blir det enda færre, i følgje prognosen frå 1. kvartalsrapporten 2020 frå analyseselskapet IHS.Skipsbyggingsaktiviteten på verdsbasis - målt etter ordreboka - er på sitt lågaste nivå på 60 år.Samstundes er det rikeleg med verft, bygd opp til å ta unna den rekordstore skipsbygginga før finanskrisa. Viseadministrerande direktør Per Olaf Brett i Ulstein International anslår at overkapasiteten hos skipsverfta er på 70 prosent.Det er med andre ord ikkje rart skipsbyggingsindustrien er bekymra. Også utanlandske verft skrik etter oppdrag og konkurransen om oppdraga er knallhard. Samstundes set skipsreiarane seg på gjerdet på grunn av den verdsomspennande koronaepidemien.Dei ti kontraktane sals- og bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft har registrert i år er på tilsaman 2,4 milliardar kroner. Norske Skipsverft tel med alle kontraktar over 50 millionar kroner. Det er snakk om fire fiskefarty, fire båtar til oppdrettsnæringa (brønnbåtar/servicefarty/arbeidsbåtar) og to hurtigbåtar.Samanlikna med same periode i fjor ser det tilsynelatande ikkje så ille ut. Då var det offentleggjort sju kontraktar for tilsaman 2,8 milliardar kroner. 2019 enda med i alt 26 kontraktar, på tilsaman åtte milliardar kroner. Nokså lavt i ein historiske samanheng, men som delvis skuldast at det i 2018 blei inngått heile 48 kontraktar for i alt 25 milliardar kroner. Det var rett og slett litt trangt om plassen hos verfta, i alle fall i starte av 2019.Problemet no er at koronakrisa har sett mykje på vent, også skipsbygging. Kontrakter som kunne blitt inngått i år let i beste fall vente på seg.- Vi trur ikkje det tek seg opp i løpet av 2020, seier administrerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft.Per Olaf Brett i Ulstein International seier erfaringane frå tidlegare nedturar er at avgjerder blir utsett både eitt, to og tre år etter at det kjem eit slikt sjokk som vi har fått no.Brett peikar på at koronakrisa kjem i tillegg til to andre faktorar:Skadeverknaden av finanskrisa for over 10 år sidan framleis er merkbare.Oljeprisfallet i vår, som skuldast ein kombinasjon av priskrigen i oljemarknaden og at koronatiltaka har reduserte oljeetterspørselen kraftig. NETT NO har publisert fleire artiklar om kva verftsbransjen meiner må til for å unngå ein kraftig nedgang i aktiviteten.Det handlar om å bygge kystvaktskip, marinefarty og forskingsfarty, stimulere til bygging av kystfraktefarty, til oppgradering/ombygging av skip og til bygging av hurtigbåtar. Og tiltaka bør kome raskt for å fylle opp tomrommet som koronakrisa har skapt.- I løpet av sommaren, seier Strønen om korleis Norske Skipsverft vurderer kva som bør vere tidsplanen.Norske Skipsverft har også reist ein debatt som sikkert kjem til å kome i mange land i kjølvatnet av koronakrisa. Spørsmålet er i kor stor grad skal kvar einskild stat prioritere å hjelpe eige næringsliv i ei krisetid som denne. Norske Skipsverft tek opp spørsmålet med utgangspunkt i at Enova har støtta utvikling av nullutsleppsteknologi på fire skip som Østensjø Rederi . Støtta er på omlag 90 millionar kroner. "Ta tørn og hold an" oppfordrar Norske Skipsverft Enova.Det er eit støtte som motverkar arbeidet for å halde hjula i gang i norsk arbeidsliv, meiner Norske Skipsverft og : "Det gjøres et omfattende arbeid for å sikre at den industrielle delen av det norske arbeidslivet skal overleve kampen. Alle de store organisasjonene leverer skyts til myndighetene, med forslag om hvordan opprettholde aktiviteten i norsk næringsliv. På Storting og i partiorganisasjoner arbeides det intenst med rammevilkår og motkonjunkturtiltak.Og i dag melder Finansavisen at Østensjø Rederi kontraherer fire nybygg ved to spanske verft. Det statlige norske selskapet Enova, som eies av Klima- og miljødepartementet, skal bidra økonomisk til realiseringen av skipenes nullutslippsevne.Norske Skipsverft Salg og Markedsføringsorganisasjon mener at slik offentlig støtte til utenlandske prosjekter er kontraproduktivt i forhold til det arbeid som nå gjøres for å holde hjulene i gang i norsk næringsliv."Publisert: 03.05.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59