Maritime Partner har vore på jakte etter ny toppsjef sidan Torstein Heggstad slutta tidlegare i år.
Østrem kjem frå ei stilling i Kongsberg og har tidlegare hatt leiarstillingar i CFlow, Kleven Yard, Ekornes og Rolls-Royce.
«Maritime Partner AS har vært gjennom flere svært krevende år, men er nå inne i en positiv utvikling med en betydelig og solid ordrebok og med gode markedsutsikter. Selskapet er svært fornøyd med ansettelsen av Østrem og Østrem vil som CEO ha en nøkkelrolle i den videre utviklingen av Maritime Partner AS», skriv styreleiar Ole-Reinhart Notø i Martime Partner i ei pressemelding.
Østrem byrjar i jobben 1. februar.
Henta kapital
I 2022 og 2024 henta Maritime Partner meir eigenkapital i tre omgangar, etter eit tøft 2023.
2024-rekneskapen er ikkje offentleggjort enno.
I år har selskapet tidlegare meldt om god ordreinngang, mellom anna i forsvarsmarknaden.
I februar i år melde selskapet at det skulle tilsetter fleire forl etter å ha sikra seg si største kontrakt nokon gang. Kontakten er på over ein halv milliard kroner og omfattar sju redningsbåtar til den den danske redningstenesta.
Publisert: 20.10.2025 13:08
Sist oppdatert: 20.10.2025 23:00






