Analyser
Utdanning blir tolerert
Ingen fylke har hatt maken til vekst i talet på folk med lang utdanning som Møre og Romsdal dei siste 20 åra.
06.05.2018
ANALYSE
Toleranse var eitt tema under regionsutviklingskonferansen "The North West" i 18-21 april. Ein region med plass for mangfald er meir attraktiv enn ein einsretta, var bodskapen.
Nordvestlandet har i alle fall blitt meir tolerant for utdanning, viser tal frå Statistisk Sentralbyrå.
Frå 1996 til 2016 auka talet på folk med høgskule- og universitetsutdanning i aldersgruppa 30-39 år med 330 prosent i Møre og Romsdal. Sogn og Fjordane kom på tredjeplass, med 225 prosent. Aller nederst ligg Oslo (154 prosent) og Akershus (130 prosent).
Det er ingen tvil om at det har skjedd ei vesentleg endring på Nordvestlandet i etterspørselen etter folk med lang utdanning. For det er det statistikken først og fremst viser, ei endring.
Tilsettinga av to biologar hos utstyrsleverandørne Cflow er eit godt døme på nytenking rundt utdanning. Cflow lagar utstyr til fiskeri- og oppdrett og er eit selskap bemanna med fagarbeidarar og ingeniørar.
Men kundane til Cflow behandlar fisk, og den er til og med levande deler av prosessen. Der kjem biologane inni biletet.
- Erfaringane så langt er udelt positive, sa administrerande direktør Arnstein Johansen då NETT NO skreiv om den utradisjonelle rekrutteringa.
Den sterke veksten i talet på folk med lang utdanning kjem frå eit svært lavt nivå, eit nivå som truleg speglar at skepsisen til langvarig utdanning var godt forankra i nordvestlandsk næringsliv.
Næringslivet sleit med å sjå nytten, og det var ikkje så rart. Då industrien vaks fram var det ein produksjon med handverkspreg og mykje manuelt arbeid som dominerte. I lange periodar var det eit sug etter varer, som gjorde det viktigare å kunne produsere enn å selje.
Kompetansen måtte først og fremst sitte i nevane. Etterkvart har kompetansebehova endra seg. Det er stiller andre krav når du sel ein stol til folk som manglar stol, enn til folk som vurderer å skifte ut møblane dei allereie har.
Tala frå SSB tyder på at innstillinga til utdanning har endra seg, men Møre og Romsdal ligg framleis langt ned på lista når fylka blir rangert etter utdanningsgrad.
Medan 31 prosent av innbyggjarane i Oslo har lang høgare utdanning er andelen i Sogn og Fjordane 11,7 og i Møre og Romsdal 11,6 prosent. Det plasserer fylka på niande og tiandeplass, altså midt i laget.
Forskingsrådet har sett på talet på doktorgradsårsverk i forsking-og utviklingsarbeid i næringslivet i åra 2014-2016. I Møre og Romsdal går det opp frå 18 til 46. I Sogn og Fjordane frå 16 til 24.
Innsatsen innan forsking og utvikling viser og ein positiv trend. Dette er jobbar med ein høg andel folk med lang utdanning. Det var 60 prosent fleire årsverk innan forsking og utvikling i Møre og Romsdal i 2016 enn i 2006. I Sogn og Fjordane var auken 59 prosent. Berre Nordland hadde større auke - 101 prosent - og landsgjennomsnittet var 32 prosent.
I rapporten "Sunnmøre i framtida" frå 2010 teiknar konsulentselskapet Berrefjord & Thomassen as eit mogleg dystert framtidsbiletet av livet på Sunnmøre i 2020, om betydninga av utdanning og forskingskompetansen ikkje blir forstått:
"De lokale forskningsmiljøene nådde ikke opp i konkurransen om de beste forskerne, og de ble aldri en reell utviklingspartner for de mest innovative industribedriftene. De klarte heller ikke å matche kompetansebehovene innen de nye næringene. Erfaringskompetansen Sunnmøre hadde vært så sterk på, kom i skyggen av den akademiske kunnskapen. Dette svekket nyrekrutteringen og dermed utviklingsevnen til industrien på Sunnmøre. Det hadde gått som det en gang ble sagt: Jentene drar til storbyene for å bruke sin høyere utdanning. Guttene tar fagutdanning. Så taper industrien i konkurransen og guttene drar etter jentene til storbyene, mens Sunnmøre blir sittende igjen med en gjeng gamlinger."
Slike rapportar har ein tendens til å hamne i skuffa, .
Utviklinga etter at rapporten kom tyder på at næringslivet på Nordvestlandet har tatt tak i utfordringa, men i lys av at utgangspunktet låg på eit lavt nivå er det ingen grunn til å sleppe foten av gasspedalen.
Publisert: 06.05.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59