Utdanningstilbod i fare for aa forsvinne for godt
FORGJEVES: Kutta i utdanningstilbodet i Møre og Romsdal møtte protestar, men hindra ikkje at eit av dei mest nyttige utdanninggstilboda for næringslivet vart nedlagt, med eitt unntak. 
Analyser

Utdanningstilbod i fare for å forsvinne for godt

Med negativ tilråding, lite trykk frå industrien og negative eller lunkne rektorar, er det ikkje sannsynleg med ny oppstart for eit utdanningstilbod som har vore lovprisa i industrien. 

22.11.2020
ANALYSEFor å spare pengar la Møre og Romsdal fylkeskommune ned fire av dei såkalla YSK-utdanningane i 2019, i Ålesund, Ulstein, Fræna og Kristiansund. Berre YSK-tilbodet på Haram vidaregåande skule blei berga.Dette er ei fireårig vidaregåande utdanning der elevane både kjem ut med generell studiekompetanse som frå såkalla studiespesialisering - og fagbrev som frå yrkesfagleg vidaregåande utdanning. "Næringslivsaktører i Møre og Romsdal var nærmest i sjokk over at Fylkestinget på budsjettmøte i desember la ned YSK (Yrkes- og studieforberedende kompetanse) i Ulstein, Fræna og Kristiansund", skreiv dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest og dagleg leiar Jan Thormodsæter i Maritim Forening for Søre Sunnmøre (MAFOSS) i eit innlegg i NETT NO i februar i år.Utdanningstilbodet har vore populært, og det har vore krevjande å kome inn. Ulstein vidaregåande skule hadde til dømes 33 søkjarar til 12 plassar hausten 2019.Du skal med andre ord både vere dyktig for å kome inn, og ha eit ekstra driv for å ta ei utdanning som på fire år kombinerer eit treårig teoretisk studiespesialisering og ei fireårig yrkesutdanning (to år skule og to år læretid). Dei som har desse eigenskapane fortener også eit ekstraordinært tilbod. I neste veke, måndag 23. november, skal fylkesutvalet i Møre og Romsdal ta stilling til ei reetablering av YSK-tilboda som blei lagt ned i 2019. Tilrådinga frå fylkeskommunedirektøren (tidlegare fylkesrådmann) er klar: Ikkje reetabler tilbodet. MAFOSS-leiar Jan Thormodsæter er samd - men berre i at tilbodet ikkje bør reetablerast i år.Den verdsomspennande koronapandemien og tiltaka mot den, har mellom anna gjort at etterspørselen etter cruiseskip har tørka inn. Det er ein viktig marknad for både Vard, Ulstein Verft og Kleven.Ein allereie vanskeleg situasjon er forverra - og gir negative ringverknadar i industrien knytta opp mot skipsbygging.Koronapandemien har også skapt ei generell uvisse. Dette har mellom anna slått ut i tilbodet på læreplassar. Ifølgje framlegget frå fylkeskommunedirektøren er alle skulane redd det blir vanskeleg å skaffe nok læreplassar til YSK-elevane.Frå Ulstein vidaregåande, som protesterte sterkt mot nedlegginga, er tilbakemeldinga at den ikkje ynskjer å reetablere YSK-tilbodet - på grunn av "den kritiske læreplass-situasjonen i regionen".Dei fleste som tek YSK-utdanninga har ikkje fagarbeidar som karrieremål, ifølgje saksframlegget til fylkesutvalet. Det er nok rett, men det er heller ikkje poenget med utdanninga. Dei som går der tek meir utdanning og blir ingeniørar i industri, bygg og anlegg. Eller dei blir mellomleiarar i reiseliv, service og handelsbedrifter.Det er den praktiske kunnskapen som gir dei - og arbeidsgivarane deira - ein ekstra fordel.Då statsminister Erna Solberg møtte ei gruppe YSK-elevar (då forkortinga for utdanningstilbodet var TAF) på Kleven Verft i 2014, var det nettopp fordelen med både teori og praksis ho trekte fram.- Det er veldig positivt. Eg synst det er flott at ungdom har lyst å ta industrierfaringa med seg inn til vidare utdanning. Den kombinasjonen som TAF er mellom industrifag og studiespesialisering, det rekrutterer ein heilt annan type ungdom til industrien, sa Solberg.At koronakrisa har gjort det vanskeleg å skaffe nok lærlingplassar - spesielt i industrien, er det ingen grunn til å tvile på. Heller ikkje at YSK-elevar vil konkurrere om lærlingeplassar med elevar som tek ei rein yrkesfagleg utdanning.Difor kan det vere fornuftig på vente eitt år, før fylket bestemmer seg for å reetablere YSK-utdanningstilbodet.Men ventar ein lenger blir det tyngre å starte på nytt, mellom anna fordi lærarane som har stått for undervisninga forsvinn til andre oppgåver. Til sjuande og sist er det også eit spørsmål om pengar. YSK-utdanninga vart lagt ned fordi den er relativt kostbar per elev. Ei reetablert ordning vil koste 22 millionar kroner årleg, og føre til eit behov for 48 lærlingplassar.Ingen av skulane som er aktuelle for å tilby YSK, ser for seg å omprioritere og ta vekk andre tilbod for å rydde plass for YSK-utdanning igjen. Det er status berre eitt år etter at tilbodet vart vedtatt fjerna. Det er synd både for elevane som går glipp av eit godt tilbod, og for bedriftene som kunne hatt nytte av desse elevane. Og omprioriteringa som må til, blir tyngre og tyngre for kvart år som går.

Publisert: 22.11.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59