Analyser
Valår gir vinnarsjansar
Det er valår i år. Det er bra for lobbyistane som jobbar for å få utvida eksportkredittordning.
19.02.2017
ANALYSEEit norsk offshorereiarlag får tilgang til attraktive lån frå Eksportkreditt Norge når det tingar skip på eit norske verft, sjølv om skipet berre skal gå mellom norsk hamn og ein norsk plattform på den norske sokkelen.Eit norsk fiskebåtreiarlag, som byggjer ved norsk verft og får levert ein båt som skal fiske i norske farvatn og levere fisken til eit norsk mottaksanlegg får det ikkje.Sluttproduktet i begge bransjane, olje og fisk, blir stor sett eksportert ut av landet. Kva som er den prinsippielle forskjellen er vanskeleg å sjå, men så langt har alle forsøk på å få til endring vore fånyttes.Når eit norsk fiskebåtreiarlag byggjer båten på eit utanlandsk verft - til bruk i fiske i Noreg - kan Noreg tilby eksportfinansiering av alt norsk utstyr ombord. Det vil fort utgjere finansiering av halve kontraktsverdien og meire til. Blir båten bygd i Noreg er det
i
kkje eksportfinansiering av utstyret å få. Detaljane i eit framlegg om å gi klarsignal til finansiering av norskeigde fiskebåtar bygde ved norske verft er under utgreiing, og Enda litt vanskelegare blir det etter at statsminister Erna Solberg lanserte ei utviding av eksportkredittordninga då ho vitja Haramskonferansen på tysdag denne veka. Den store nyhenda var at Aker Biomarine tingar eit nytt krillfarty til ein milliard kroner hos Vard, fordi bygging av krillskip no blir omfatta av ordninga.Milliardkontrakten sette meldinga om at regjeringa også vil la bygging av havmerder til oppdrettsnæringa bli omfatta av eksportkreditt-ordninga litt i skuggen. Ei havmerd er ikkje noko anna enn eit oppdrettsanlegg som blir bygd solid nok til å ligge utaskjærs - i havet. Oppdrettsnæringa ser slike anlegg som eit middel til å sleppe unna spesielt lakselus-problema i fjordane og dermed til å kunne få ny produksjonsvekst i næringa. Dei fleste slike anlegg blir truleg ikkje liggande lenger uten enn at det er råd å sjå til land - og i alle fall ikkje ute i internasjonalt farvatn. Laksen ombord blir sannsynlegvis frakta til slakting i eit norsk lakseslakteri. Bygging av slike anlegg skal får eksportkreditt-finansiering, eit innaskjærs anlegg som produserer laks til den same verdsmarknaden får det ikkje. Logisk?Fredag hadde ei gruppe lobbyistar, med administrerande direktør Asle Strønen i sal- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft i spissen, møte i Næringsdepartementet.Strønen peikar på at eksportkredittregleverket også omfattar såkalla innanlandsordingar, og det gir opning for den utviding av regelverket som han arbeider for å få gjennom.Han håpar regjeringa skal snu, og gjere nye endringar i eksportkredittordninga tidsnok til at endringane kan bli tatt inn i revidert statsbudsjett seinare i vår.- No er temaet vidare til behandling hos politisk leiing. Samtalane med departementet held fram, dei er opne og dei er positive, seier Strønen etter møtet.Det er ikkje så lett å tolke kva det betyr anna enn at Strønen & Co i alle fall ikkje fekk eit tvert nei, og bør jobbe vidare.Eksportkredittordninga er ei ordning der statar bidrar til å støtte eksport av eigne industrivarer gjennom gunstige lån, med vilkår regulert av internasjonale avtalar. Det er dette avtaleverket regjeringa hittil har meint ikkje opnar opp for lån til bygging av fiskebåtar, fraktfarty, ferjer og hurtigbåtar ved norske verft når kunden er eit norsk reiarlag og fartyet skal brukast i Noreg.I og med at at alle land bruker ordninga inviterer den til eit kappløp om å tøye forståinga av regelverket så langt som råd til gunst for eigen industri. Ideelt burde marknaden ta seg av finansieringa og statane halde fingrane frå fatet.Å tillate slik statlege støtteordningar skaper også problem. Norsk Industri sette i fjor i gang arbeidet med å kartlegge den spanske ordninga som gir skattelette til investorar som finansierer skip bygd ved spanske verft. Det er ei ordning som norske verft risikerer å tape kontrakter på.Det er også verdt å spørre kor stor offshoreflåten hadde vore utan Eksportkreditt og Giek (Garantiinstituttet for eksportkreditt). Den er i alle fall stor nok no.Men når eksportkredittordninga først er der er det også grunn til å spørre om regjeringa er for forsiktig i praktiseringa, spesielt i lys av kva den allereie meiner er innanfor regelverket. Politisk er det neppe noko å tape å endre reglane slik at det kan blir fleire oppdrag for norske verft. Tvert i mot. I eit valår tel det ekstra tungt.Publisert: 19.02.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59