Etter det store utsleppet av husdyrgjødsel frå Havila Biogass sitt anlegg ved Eidsvåg i Romsdal, er det oppstått skepsis rundt planane om å etablere eit anlegg i Rogaland.
Havila Biogass gjekk tysdag ut med nyheita om at dei ville satse på eit nytt biogassanlegg på Hjelmeland i Ryfylke.
I etterkant har Stavanger Aftenblad intervjua Mikal O. Viga, kjent som laksekongen, som er opprørt over planane. Det same er ein nabo som fryktar lukt og uhell, skriv lokalavisa Strandbuen.
Dagleg leiar Kjell Evensgård i Havila Biogass forsikrar til lokalavisa at ein tilsvarande lekkasje som i Eidsvåg, ikkje kjem til å skje ved anlegget på Hjelmeland.
Har fått utsett frist for handlingsplan
Gjødselsutsleppet ved Havila Biogass-anlegget som ligg i Molde kommune skjedde natt til 5. september.
Selskapet skulle eigentleg levere ein handlingsplan til Statsforvaltaren innan onsdag, men har fått utsett frist til måndag.
Det opplyser områdedirektør Frank Madsøy hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal til Nett No.
– Dei har gått gjennom arbeidet som skal gjerast og bedt om utsetting til måndag, mellom anna fordi dei må hyre inn folk til arbeidet, seier han.
Årsaka skal vere ein øydelagd pakning
Det er anslått at kring 3,5 millionar liter gjødsel spreia seg frå anlegget vil terrenget og vassdrag - og vidare til sjøen.
Madsøy seier at dei har fått opplyst at årsaka til utsleppet var ein øydelagd pakning.
– Det skal ha vore ein pakning rundt nokre røyr som sprakk. Korleis det kunne skje har vi ikkje fått noko svar på enno, legg han til.
Politiet undersøker samtidig årsaka til utsleppet, og om det kan ha skjedd brot på regelverk eller andre forhold som gir grunnlag for strafferettsleg ansvar.
Publisert: 18.09.2025 13:35
Sist oppdatert: 18.09.2025 16:37






