Jonny Engdahl Tinde Sparebank foto banken
KUTTAR: Administrerande banksjef Jonny Engdahl i Tinde Sparebank var mellom dei som sende ut melding om rentekutt torsdag. Unge bustadlånkundar og dei med sokalla Grønt Boliglån får redusert renta mest. Foto: Tinde Sparebank
Nytt

Bankene følgjer etter med kutt

Men reglane gjer at kundane må vente fleire månader på endringa. Huseierne rår folk til å be om kutt med ein gong.

18.09.2025

Kort tid etter det blei kjent at sentralbanken sett ned renta med 0,25 prosentpoeng, kom meldingane frå bankane på rekke og rad om at dei gjorde det same for lån og innskot hos dei.

Sparebanken Norge - tidlegare Sparebanken Vest - var først ute med børsmelding. Deretter kom meldingar frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Sparebanken Møre og Sparebank 1 SMN om rentekutt hos dei. 

Tinde Sparebank  - tidlegare Romsdalsbanken – sende også ut ei pressemelding om kutt på 0,25 prosentpoeng i renta på ordinære bustadlån. 

Samtidig går banken nokre få skritt lenger for utvalde grupper. Deira unge bustadlånkundar får redusert renta med 0,4 prosentpoeng og dei med sokalla Grønt Boliglån får ein reduksjon på 0,45 prosentpoeng.

Må vente til november
Men bankane ventar fleire veker med å sette ned renta for eksisterande kundar. Årsaka er at dei er pålagt av styresmaktene å varsle slike endringar to månader i forvegen.

Medan nye kundar kan nyte av endringane allereie i løpet av få dagar, må noverande kundar vente til slutten av november før justeringa trår i kraft. 

– Be om nedsetjing med ein gong
Carsten Henrik Pihl som er leiar for politikk, samfunn og berekraft i interesseorganisasjonen Huseierne  ber folk om å ta kontakt med banken sin med éin gong for å få sett ned renta. 

– Bankane kan venta to månader med å setja ned renta for eksisterande kundar, men be om nedsetjing med ein gong! Alternativt må ein vurdera å byta bank, seier Pihl til NTB.

– Bustadlånsrenta er no over 6 prosent for veldig mange. Med denne rentenedgangen skal dei fleste ned på 5-talet, og fleire bør snusa på 4-talet, seier han. 

Brukar meir på bustadutgifter enn i 2020
Pihl meiner avgjerda om å kutta renta med 0,25 prosentpoeng var rett. 

– Hushalda har store utgifter til det å bu, og difor er det rett med ein rentenedgang no. Mange hushald kjenner seg ikkje igjen i bodskapen frå politikarar og økonomiekspertar om at me har fått betre råd. Det er særleg auka kommunale avgifter som driv kostnadsaukane, seier Pihl.

Han viser til at ein familie med ei inntekt midt på treet (medianinntekt) bruker 30 prosent av lønningsposen til å dekkja bustadutgifter som ikkje kan veljast bort. Andelen var 20 prosent i 2020. 

Publisert: 18.09.2025 11:37

Sist oppdatert: 18.09.2025 13:38

Mer om