Vidaregaaande utdanning for kven
STILTE SPØRSMÅLET: Harald Tom Nesvik stilte spørsmål ved kva som skal styre tilbodet i den vidaregåande skulen då han viste si støtte til ei gruppe bedrifter som ville betale for å behalde ei linje ved Haram vidaregåande skule. 
Analyser

Vidaregåande utdanning for kven?

Ni av ti ungdomar i Møre og Romsdal får ta den vidaregåande utdanninga dei ønskjer. Det er gode grunnar til at det kanskje ikkje bør vere slik.

Marius Rosbach
12.01.2020

ANALYSE

Utviklinga med at dei unge sjølv får velje kva dei vil jobbe med, har utan tvil vore bra. For nokre tiår sidan måtte ein gjerne ta det arbeidet som var på heimplassen. Då enda folk i Sykkylven på møbelfabrikken, medan dei som budde i Ulsteinvik blei verftsarbeidarar og herøyværingane drog på fiske. Slik er det ikkje lengre.

Men fridomen gir også moglegheita til å flytte frå heimplassen for godt. Det er ein av Møre og Romsdal sine største utfordringar. Det bidreg til at bedriftene får det vanskelegare med å finne arbeidskrafta dei treng. Kring ein tredel av førsteklassingane som starta ved dei 23 vidaregåande skulane i fylket i haust, hadde «vanleg» studiespesialisering som førsteval. I tillegg søkte fleire enn 400 elevar seg til linjer som media og kommunikasjon, musikk, dans og drama og idrettsfag. Dette er elevar som etterpå i stor grad tek høgare utdanning andre stader i landet.

Framleis er det slik at fleire elevar søker seg til yrkesutdanning i Møre og Romsdal, enn elles i landet. Men det er behov for fleire. Mange bransjar slit med å rekruttere tilsette blant «vår eigen ungdom». Ein annan grunn til at elevane som søker seg til yrkesutdanning er verdifulle for fylket, er at fleire av dei blir verande i heimfylket i vaksen alder.

Kanskje er det ei haldningsendring som må til. Ikkje berre hos elevane – men også hos foreldregenerasjonen og rådgjevarane som skal rettleie ungdomen. Framleis er det til dømes svært skeiv kjønnsfordeling på søkinga til tradisjonelle manne- og kvinneyrke. Kanskje er det også behov for at næringslivet sjølv kjem meir på banen og fortel kvar skoen trykker. Til dømes er det på langt nær slik at yrkesutdanning på vidaregåande sperrar for høgare utdanning seinare. Tvert i mot fortel fleire bedrifter at nokre av dei beste sivilingeniørane dei har, gjekk yrkesfag på vidaregåande.

Då det storma kring fylkespolitikarane før jul i fjor, kom regjeringsmedlem Harald Tom Nesvik til Digerneset og utstyrsleverandøren MMC First Process. Statsråden ville vise si støtte til ei gruppe bedrifter som ville betale for å behalde linja for kulde- og varmepumpeteknologi ved Haram vidaregåande. Nesvik - som er tilhengar av privat initiativ, hadde ikkje nokon motførestillingar. Heller ikkje lærlingane og elevane som NETT NO snakka med, hadde innvendingar mot det. Fylkesordføraren derimot meinte det var behov for prinsipielle drøftingar.

Forslaget om å legge ned YSK/TAF-linjer i Ålesund, Fræna, Kristiansund, Haram og Ulsteinvik vekte sterke reaksjonar. Både næringslivet, tilsette i skulen og ungdomspanelet i fylket meinte forslaget innebar å sage av greina som store delar av verdiskapinga i fylke er avhengig av. Resultatet i fylkestinget blei at YSK-utdanninga i Haram overlevde, men fjerna ved dei andre skulane.

Under besøket på Digernesskiftet påpeika Nesvik at han ikkje ville legge seg opp i prioriteringane til fylkespolitikarane. Men statsråden som høyrer til eit parti som til vanleg er tilhengar av frie val for enkeltmenneske, verka tvilande til om det var ein god ide i dette tilfelle.

«Skal vi legge opp utdanningssystemet etter kva dei unge ønskjer å halde på med ein viss periode i livet, eller skal vi ha eit system der vi tek omsyn til kva samfunnet har behov for og etterspør», spurte Nesvik under besøket.

Han let spørsmålet henge i lufta.

Ein sjekk med utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune avkreftar at det eine og åleine er elevane sine ønsker som styrer tilbodet. Samtidig som dei vil tilfredsstille ungdomane sine individuelle ønsker, er det ein dialog med næringslivet. Ein del av samfunnskontrakten er at bedriftene tek over opplæringa gjennom lærlingordninga. Det offentlege er avhengig av at både bedrifter og kommunar sluttar opp om ordninga og gir rom for å ta inn dei unge. Sidan 2016 har talet på lærlingplassar auka og i 2019 blei det godkjent 1342 kontraktar – det høgste talet nokon gong.

Fridom til å velje fritt kva utdanning ein skal ta, står likevel sterkt i det norske skulesystemet. Når utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune planlegg det vidaregåande skuletilbodet, er det ei målsetting at 90 prosent kjem inn på førstevalet sitt.

I praksis betyr det at søkartalla avgjer mykje når det kjem til kva slags skuleplassar dei unge i fylket får tilbod om. Resultatet sist haust var at 89 prosent av søkarane med ungdomsrett kom inn på den linja dei aller helst ønska seg - allereie ved førsteinntaket.

Det er bra for dei av elevane som truleg ikkje ville fullført vidaregåande, om dei hadde vore nøydd til å ta ei utdanning dei eigentleg ikkje hadde lyst til. Men det er ikkje bra for dei elevane som utdannar seg i retningar som arbeidslivet ikkje har behov for. Det er heller ikkje bra for bedriftene. Det er i det heile dårleg for samfunnet.


Publisert: 12.01.2020 05:55

Sist oppdatert: 18.02.2022 12:11