Å fjerne vegbruksavgifta vil gjere bensinen nesten fem kroner billegare og diesel tre kroner billegare, skriv Kristeleg Folkeparti (Krf) i ei pressemelding.
Etter at Høgre har avklart si støtte, ligg det no an til fleirtall på Stortinget – beståande av Høgre, Frp, Sp og KrF – for midlertidig fjerning av vegbruksavgifta, skriv partiet i pressesmeldinga.
Høgre sitt framlegg er å fjerne vegbruksavgifta frå 1. april til 1. september.
- Høgre meiner det er behov for strakstiltak for å gjere drivstoff billigare for folk flest og næringsdrivande. Det er uklart korleis situasjonen vil utvikle seg, og vi foreslår difor i første omgang å suspendere vegbruksavgifta til over sommaren, seier finanspolitisk talsperson Nikolai Astrup i ei pressemelding.
Publisert: 24.03.2026 13:28
Sist oppdatert: 24.03.2026 13:42






