Vil ut av fastlaast strid med Russland
STRID: Sevastopol på Krimhalvøya (biletet) er base for den russiske Svartehavsflåten og ein del av området som er annektert av Russland. Annekteringa førte til vestlege sanksjonar mot Russland som Russland svarte på ved å blant anna sette stopp for fiskeeksport frå Noreg.
Analyser

Vil ut av fastlåst strid med Russland

Noreg må ta initiativ for å få opne fiskeeksporten til Russland, meiner Audun Maråk i Fiskebåt. 

21.10.2018

ANALYSE


Fiskeriminister Ilja Sjestakov frå Russland var kort og klar i eit intervju med NETT NO under møtet i Den norsk-russiske fiskerikommisjonen denne veka.
- Det er ikkje mogleg å opne for eksport av norske produkt, fiskeprodukt frå Noreg, før sanksjonane er oppheva, seier Sjestakov.
Dermed er situasjonen fastlåst. Russland annekterte Krim i Ukraina. Vesten - medrekna Noreg - svara med sanksjonar som mellom anna gjer det tyngre for russiske forretningsinteresser i Vesten. Russland svara på sanksjonane mellom anna ved å stenge døra for norsk fisk frå og med hausten 2014.
Den norsk-russiske fiskerikommisjonen - som i år hadde lagt møtet til Ålesund - gjorde seg ferdig i rekordfart med å fastsette og fordele fiskekvotane i Barentshavet for 2019, men på dei fleste andre område er ikkje tilhøvet til Russland like enkelt og harmonisk om dagen.


Fisk var den viktigaste eksportvara frå Noreg til Russland, så for Noreg sin del er det fiskeri- og oppdrettsnæringa som merkar dei praktiske konsekvensane av striden.
I 2014 var Russland den femte største importøren av norsk fisk i følge Nærings- og fiskeridepartementet, sjølv om landet sette stopp for importen allereie på ettersommaren. Russland importerte norsk sjømat for 3,4 milliardar kroner i 2014, men så blei det stopp.
Norges Sjømatråd la tidlegare i år fram analyser som konkluderte med at ei gjenopning av den russiske marknaden vil ha større positiv effekt på fiskeeksporten enn ei full opning av den kinesiske marknaden.
Det er altså ein klar økonomisk gevinst å hente for fiskeri- og oppdrettsnæringa om russarane opna landet for norsk fisk igjen.
Den gevinsten vil administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt gjerne ha tak i. Fiskebåt organiserar eigarane av den havgåande fiskeflåten og signaliserte allereie for over eitt år sidan at dei ønskjer at vi skal kom ut av den fastlåste striden med Russland.
- Vi har sendt signal der vi meiner at ein må forsøke å normalisere handelsforbindelsane med Russland. Det er framleis vår posisjon, seier Maråk.
Han vil ikkje vere konkret på kva Noreg bør gjere for å få fiskeeksporten i gang igjen, men seier det også handlar om å få eit generelt betre tilhøve til Russland.
- Vi må forhalde oss til den politikken vi har nasjonalt til Russland, men vi ønskjer likevel ei normalisering av vår handel med vår nabo i aust. Dette går ikkje berre på marknad (handelsvilkår o.l., red. merk). Vi har hatt ei periode der vi fekk ei tilnærming mellom aust og vest som eg trur var til fordel for alle partar. Ein ny «kald krig» er i ingens interesse, seier Maråk.
Om Maråk sitt ønskje skal gå i oppfylling, er det vanskeleg å sjå for seg at det kan skje utan at Vesten i praksis godtek at Russland tok over Krim. Det kan sitte langt inne, spesielt for ein liten nasjon som Noreg, som har interesse av at dei store nasjonane held seg til eit internasjonalt regelverk og ikkje brukar sin militære styrke til å ta seg til rette.
Det er vanskeleg å argumentere med at utestenginga frå den russiske marknaden er så kostbar at Noreg må bryte ut av den vestlege alliansen. Det er ein god forteneste som kunne vore enda betre det handlar om.
Inger-Marie Sperre i Brødrene Sperre på Ellingsøya hadde den russiske delegasjonen til Den norsk-russiske fiskerikommisjonen på besøk etter at forhandlingane var over. Dei ville gjerne sjå korleis klippfiskproduksjonen foregår.
Sperre er også styreleiar i bransjeorganisasjonen for fiskeindustrien, Sjømat Norge, der mange bedrifter måtte finne nye marknadar etter at russarane stengte døra.
Det har gått bra, og Sperre har ingen forventingar om at bransjen eller Noreg på eiga hand skal få til ei endring.
- Eg har ikkje tru på at vi klarer å gjere noko med dette før det løyser seg på eit overordna plan, seier ho.

Publisert: 21.10.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59