Kort fortalt

Åtvarar mot falske setlar

Beslag i falske pengar i Ålesund.

Marius Rosbach
23.11.2023

OPPDATERT: «Falske» setlar var ekte - politiet beklagar

Politiet trur fleire falske setlar kan vere i omløp, etter eit beslag i Ålesund nyleg.

Siden det er høgsesong i varehandelen, oppmodar politiet derfor bedrifter som tek imot betaling om å vere merksame ved mottak av kontantar.

I førre veke gjorde politiet beslag i Ålesund av ni 200-lappar og to 500-lappar som var falske.

– Dei falske kontantane politiet beslagla blir oppfatta som ekte ved første augekast. Dei har vassmerke, ulikt serienummer og ser nokså profesjonelt laga ut, uttalar politiadvokat Hanne Egeness, som er påtaleansvarleg i saken, i meldinga frå politiet.

Egenes fortel at det mest merkbare teiknet på dei falske setlane, er at det er mogleg å sjå element frå andre sida av setelen enklare, enn med normale setlar. Også teksturen på setlane er noko ulik ekte setlar.

Publisert: 23.11.2023 14:30

Sist oppdatert: 14.12.2023 22:47

Mer om