(NPK-NTB): Det vart produsert over 1,7 millionar fat olje i gjennomsnitt per dag på norsk sokkel i juli. Det er ti prosent meir enn det vart produsert på same tid i fjor.
Oljeproduksjonen er 9 prosent høgare enn prognosen til Oljedirektoratet for juli, viser dei førebelse , som vart presentert tysdag.
Det vart produsert 322 000 fleire fat olje per dag i juli enn i juni, noko som var venta ettersom det er vanleg at oljefelt blir stengde for vedlikehald i juni.
Årsaka til den høge produksjonen i juli er at mange felt produserer over forventning, og at oljefeltet Goliat, som starta sin produksjon i mars, no bidrar betydeleg i oljeproduksjonen.
Den totale produksjonen av olje, naturgass og kondensat var på 2,1 millionar fat per dag i gjennomsnitt, og fordelte seg på 1,7 millionar fat olje, 375.000 fat naturgass og 33.000 fat kondensat. (©NPK)

Publisert: 16.08.2016 13:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44