Turistanlegget til Runde Panaorama på Runde omfattar ni hytter med havutsikt og bygget som har husa Christineborg Gjestehus.
No er det seld for 25,75 millionar kroner, fortel bustyrar Jørund Knardal. Kjøpar er ikkje offentlegjort.
Selskapet gjekk til skifteretten med 33,5 millionar kroner i gjeld tidlegare i vinter, og bustyrar Jørund Kandal og panthavar Sparebanken Møre har sidan prøvd å finne kjøparar som kan overta heile anlegget.
I ettermiddag gjekk fristen for å legge inn bod.
Denne artikkelen er oppdatert etter og at Nett No tidlegare i dag skreiv at ein av dei tre tidlege bodgivarane lagt inn eit nytt og høgare bod, på 23,4 millionar kroner.
Det første bodet var på 20 millionar, det neste på 21 og det tredje 21,5 millionar kroner.
Til slutt blei prisen altså 25,75 millionar. Konkurransen sto mellom dei tre bodgivarane også i innspurten, ifølgje Knardal.
45 millionar investert
45 millionar har Arnulf Goksøyr og partnarane satsa på luksushytter på Runde. No manglar kun gjestane, skreiv Nett No i slutten av 2022
Til saman hadde selskapet 0,9 millionar kroner i driftsinntekt og minus 9,6 millionar i resultat før skatt i åra 2023 og 2024.
Les også
Tredje aktør inn i konkurransen om å bli nye eigar av Runde Panorama-anlegget.
Bostyrar Jørund Knardal jaktar på kjøparar etter Runde Panorama-konkursen.
Publisert: 05.02.2026 14:26
Sist oppdatert: 05.02.2026 16:53






