Frå før er det kjent at både Kongsberg Maritime og Skipteknisk får vere med og konkurrere om korleis inntil 28 nye, standardiserte fartøy til Forsvaret skal sjå ut. No stadfestar Ulstein Design & Solutions, eit datterselskap i Ulstein Group, at også dei er med vidare.
Oppdatering: Fredag ettermiddag 6, februar stadfesta også Kongsberg Gruppen at selskapet er med vidare, saman med samarbeidspartnaren Salt Ship Desgin på Stord.
I alt 11 søkte om å bli kvalifisert, og Forsvaret har tidlegare sagt at tre til seks selskap ville bli plukka ut til sjølve konkurransen.
Fristen for å levere endeleg tilbod går ut i slutten av februar.
Forsvarsmateriell vil per i dag ikkje opplyse kven som er blitt kvalifisert, men har gitt dei kvalifiserte klarsignal til sjølv å opplyse det.
Fleksibilitet og kostnadsreduksjon
Målet er å bygge skip som kan utrustast med ulike typer våpen og utstyr slik at dei kan brukast til mange ulike oppgaver, i staden for å bygge ulike skipstyper til ulike oppgaver. Det skal både gi fleksibilitet og redusere kostnadane.
Det er snakk om 10 større havgåande skip, og 18 mindre fartøy med såkalla kystnær plattform, som alle skal byggast i Noreg.
Håpet er å få avklart kva verft som skal bygge og kva utstyrsleverandørar som skal vere med, innan utgangen av 2026.
Delt konkurranse
Det vart først like før jul i fjor at det vart kjent at Forsvaret ville gå for ein delt anbodskonkurranse, der det først blir konkurrert om designet, deretter om byggeoppdraga.
Kongsberg Gruppen, som Kongsberg Maritime er på veg til å bli skilt ut frå, har lenge arbeidd med si eiga løysing for standardiserte skip til Forsvaret, det såkalla Vanguard-konseptet.
Hadde Kongsberg Gruppen fått det heilt som den ville, hadde staten gått inn for å kjøpe dei 28 nye standardisert fartøyan til Forsvaret gjennom ein såkalla direkte anskaffelse - med Kongsberg Gruppen som lokomotivet og fartøy bygget etter deira design.
Når det ikkje blei slik, melde Kongberg Gruppen seg på i konkurransen om designoppdraget, og blei kvalifsert.
Les også
Den politisk leiinga i forsvarsdepartementet på besøk hos Ulstein og Vard.
Meiner det hastar med å kome vidare for å sikre at fleire land vil kjøpe skip frå Norge.
Publisert: 05.02.2026 15:19
Sist oppdatert: 06.02.2026 23:23






