Kort fortalt

10 av kring 70 tilbake hos Ekornes

Møbelbedrifta har starta å ta tilbake tilsette som har vore permitterte.

02.04.2024

Kring 10 av 70 tilsette ved Ekornes sine anlegg i Sykkylven og Hornindal er tilbake i fullt arbeid etter å ha vore permitterte, ifølgje Sunnmørsposten.

Produksjonsdirektør Ola Arne Ramstad hos møbelprodusenten fortel at det er blitt «litt meir fart», og at dei håpar det blir «full fart på maskinane» etter kvart.

Førebels er det ikkje teke stilling til om permitteringane elles blir forlenga utover april månad, ifølgje Ramstad.

Publisert: 02.04.2024 13:15

Sist oppdatert: 02.04.2024 13:15

Mer om