10 milliardar i havvindgarantiar
Staten rundar 10 milliardar i garantiar og lån til havvindprosjekt.
Staten stiller med 1,5 milliardar kroner i lånegaranti til ei tredje transformatorplattform på det gigantiske havvindprosjektet Doggerbank.
Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) stiller lånegaranti på 130 millionar britiske pund, tilsvarande 1,5 milliardar norske kroner, etter at det vart klart at utbyggjarane Equinor og irske SSE kjøper transformatorplattforma til havvindprosjektet Doggerbank frå norske Aibel.
Til saman har Eksfin no gitt garantiar verd over 5 milliardar kroner for norske havvindleveransar til megaprosjektet Doggerbank. Samtidig rundar dei med dei 1,5 milliardane 10 milliardar kroner i garantiar og lån til havvindprosjekt.
Publisert: 02.12.2021 09:45
Sist oppdatert: 02.12.2021 09:46