(NPK): 1020 søknader kom inn etter at Framtidsfylket lyste ut 19 traineestillingar i Sogn og Fjordane.
Talet er nær ei dobling frå i fjor, då 550 søknader kom inn, fortel .
– Eg er mållaus! Dette syner at vår langsiktige satsing på å synleggjere fylket våre og karrieremoglegheiter i fylket har lukkast, seier dagleg leiar Gro Rukan i Framtidsfylket, som er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering. Rukan trur òg ein usikker jobbmarknad kan ha spelt inn på søkjartala.
Framtidsfylket arrangerer karrieremesser i Bergen, Oslo og Trondheim for å freiste nyutdanna med jobb i fylket. I år kom 75 prosent av søkjarane frå andre stader i landet. Fjord1 og Sparebanken Sogn og Fjordane har dei høgste søknadsbunkane, med 103 og 101 søkjarar til éi stilling i kvar verksemd, ifølgje Firda. (©NPK)

Publisert: 04.03.2016 11:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47