– Gå heim og gjer heimeleksa, var oppmodinga frå direktøren for Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, Elisabeth Aarsæther, under årskonferansen til NHO Møre og Romsdal denne veka.
Temaet var korleis næringslivet skal handtere ei meir usikker verd.
Aarsæther la ikkje skjul på at ho meiner mange bedrifter har meir å gå på – og peikar på at det er leiarane sitt ansvar å sørge for at arbeidsplassen er budd på krise.
– Ein plan b kan vere enkel, men veldig mange har den ikkje, la ho til.
Vil ha tettare samarbeid
Direktøren peika på at det ofte kan vere enkle forhold, som tilgang på materielle ting, men at det også kan dreie seg om kven i bedrifta som kan bli kalla ut til heimevernet i ein krisesituasjon.
– Då står du i fare for å stå utan viktige folk. Dokke må vite slike ting, slik at diskusjonen kan bli tatt før krisa oppstår. Det er kjempeviktig, sa Aarsæther.
Ho oppmoda bedriftene til å engasjere seg i arbeidet som blir gjort gjennom Totalforsvarsåret 2026.
– Eg ønsker at totalforsvarsåret skal ta ned avstanden mellom oss i byråkratiet og næringslivet. Vi må nærme oss kvarandre og bruke tida til å diskutere kva vi kan lære av kvarandre, la ho til.
Eg ønsker at totalforsvarsåret skal ta ned avstanden mellom oss i byråkratiet og næringslivet
– Dei er overhovudet ikkje «laid back»
Direktøren hadde oppfatta at næringslivet i Møre og Romsdal er «framme i skoa» på mange område og trur dei kan ha ein del å lære styresmaktene.
– Dei er overhovudet ikkje «laid back» og den utolmodigheita tenker eg vi kan nytte oss av, sa ho til Nett No.
Aarsæther trekte også fram statsforvaltar Else May Botten som eit godt forbilde.
Botten var først i landet til å innføre kurs for toppleiarar, som går av stabelen med jamne mellomrom på Setnesmoen militærleir i Åndalsnes.
Meiner straumbrot er «alle krisers mor»
Fredag legg styresmaktene fram si årlege trussel- og risikovurdering. Det er sjølvsagt for bedriftsleiarar å halde seg oppdatert på kva som kjem fram her, meiner ho.
Det er like viktig å undersøke korleis ein eigentleg er budd på ei krise – og Aarsæther omtala straumbrot som «alle krisers mor».
– Eg ville teke utgangspunkt at straumen går saman med moglegheiter for kommunikasjon. Kan du i tilfelle klare å halde fram produksjonen og kor lenge klarer du det? Er det til eksempel kjøpt inn eit aggregat som kan sikre dei kritiske verdiane ei stund, spurte ho salen.
Eigen nettstad for øvingar
Medan styresmaktene har bedt alle innbyggjarar sørge for at dei har det dei treng for å klare seg sjølv ei veke, meinte Aarsæther at mange vil ha problem med å klare seg eitt døgn.
For dei som endå ikkje hadde vassdunkar og matforsyningar på plass, meinte ho morgondagen burde nyttast til å kjøpe det inn.
Ei anna oppmoding var å engasjere seg i arbeidet med å innføre eit beredskapsråd i alle landets kommunar og følgje med på nye scenario som kjem i løpet av våren for dei enkelte fylka.
Direktøren viste også til at det er laga ei rekke øvingar næringslivet kan ta i bruk som ein kan finne på nettstaden øvelse.no.
Publisert: 06.02.2026 05:00
Sist oppdatert: 05.02.2026 18:47






