Lars Groven Hadar Corporate Finance foto Marius
HAREID: Ein analyse frå Hadar Corporate Finance i Hareid viser tydeleg korleis eigarskapen blir flytta ut av regionen, fortel Lars Groven. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Meiner fleire frå Nordvestlandet bør vurdere oppkjøp

11 bedrifter i Møre og Romsdal blei i fjor selt ut av landet. Berre eit selskap frå regionen kjøpte utomlands, ifølgje undersøking.

Marius Rosbach
06.02.2026

Ein analyse gjennomført av Hadar Corporate Finance viser tydeleg korleis eigarskapen til bedrifter blir flytta vekk frå Nordvestlandet. 

Den viser til eksempel at heile 11 selskap frå Møre og Romsdal blei selt til utanlandske aktørar i løpet av fjoråret. Berre ein transaksjon gjaldt ein aktør her i fylket som kjøpte eit selskap i utlandet. 

Lars Groven i Hadar Corporate Finance meiner det er ulike grunnar til at det blir slik. 

– Men vi høyrer mykje om auka skattetrykk og rammevilkår som gjer ting vanskeleg. Det gjeld spesielt kapitalintensive bedrifter, legg han til. 

– Eit klart unytta potensiale
Undersøkinga om fjorårets transaksjonar førte rådgivarane fram til ein tydeleg konklusjon.

– Vi meiner det er eit klart unytta potensiale for større aktørar i Møre og Romsdal til å bruke oppkjøp som strategisk verkemiddel for vekst, seier Groven. 

Rådgivarane meiner at det finst meir kapital tilgjengeleg enn mange trur, og at spesielt investeringsviljen blant industrielle aktørar i regionen blir undervurdert.

– Desse aktørane kan ofte bidra med meir enn rein kapital - som industriell kunnskap, operasjonell erfaring og nettverk. Det kan i mange tilfelle gi eit meir robust grunnlag for vidare verdiskaping, fortel han. 

Lars Groven Hadar Corporate Finance foto Marius 2
SVAK KRONE: Lars Groven påpeiker at ei svak norsk krone gjer at norsk teknologi er relativt billig internasjonalt, og at dette truleg bidreg til at ein del bedrifter blir selt til utlandet. Foto: Marius Rosbach

Evotec-kjøp sikra ny vekst
Det eine tilfelle med kjøp i utlandet gjaldt Evotec sitt kjøp av eit serbisk selskap – der Hadar-rådgivarane hjalp til i prosessen. 

Evotec-sjef Jogeir Romestrand kunne torsdag fortelje til Nett No at oppkjøpet hadde gjort dei i stand til å handtere ny vekst – og bidro til at 2025 blei eit nytt rekordår for selskapet. 

– Vil vi vere ein internasjonal aktør, og då betyr storleik mykje. Det gir til eksempel auka sikkerheit for kundane og gjer oss i stand til å reise på messer rundt i verda for å marknadsføre oss, seier Romestrand til Nett No. 

Groven i Hadar Corporate Finance meiner fleire bør følgje Evotec sitt eksempel. 

– Etter vårt syn burde langt fleire bedrifter i Møre og Romsdal bli kjøpt og selt innad i regionen - og langt fleire burde kjøpe kapasitet i utlandet, slik Evotec gjorde, seier han. 

Flest sal ut frå regionen
Trenden med at eigarskapen forsvinn ut av regionen, kom også fram i tala som gjeld transaksjonar innomlands. 

12 selskap fekk nye eigarar utanfor Møre og Romsdal, medan berre 3 selskap fekk nye eigarar frå fylket.

I 10 av transaksjonane kom både kjøpar og seljar frå fylket, medan 8 tilfelle omhandla selskap der både kjøpar og seljar var utanfor fylket. 

Selskap frå offshore- eller maritime næringar var desidert mest representert i funna. 

– Det høyrer med til bilde at det er få store finansielle aktørar her i Møre og Romsdal. Så om ein står ovanfor eit generasjonsskifte eller har lyst til å selje bedrifta av andre grunnar, kan det vere naturleg at eigarskapen flytter seg ut av regionen, seier Groven.

To årsaker peiker seg ut
Lars Groven fortel at det er ulike grunnar til at ulike bedrifter vil selje. Rådgivaren meiner det er to motiv som i første rekke peiker seg ut. 

– Det eine er at ein treng vekstkapital eller andre type eigarar for å ta bedrifta vidare til neste steg, og at eigarane føler at dei har gjort det dei kan på eiga hand. Då vil ein gjerne overlate stafettpinnen til nokon andre. 

Skattetrykk og vanskelege rammevilkår er det andre motivet, som gjerne blir trekt fram. Samtidig er generasjonsskifte ein situasjon som kan føre til eigarskifter. 

Pal Andreas Alnes Karl Eirik Froysa Hansen foto Marius
HAR BLITT FLEIRE: Pål-Andreas Alnes (t.v.) og Karl Eirik Frøysa Hansen starta Hadar Corporate Finance ved inngangen til 2025. Allereie i løpet av året tilsette dei éin til. Foto: Marius Rosbach

Har hatt stor pågang frå starten
Hadar Corporate Finance har spesialisert seg på å hjelpe bedrifter som treng finansiell rådgiving, til eksempel ved eigarskifte. 

Det nyetablerte selskapet har merka stor pågang frå første stund. Det er også grunnen til at dei gjekk frå to til tre tilsette i løpet av 2025. 

I løpet av det første året har dei vore rådgivarar i fleire sal av bedrifter og større prosessar med refinansiering. Dei har også gjort ei rekke verdivurderingar for ulike selskap. 

– Finst veldig lite data for Møre og Romsdal
Groven fortel at dei ønska å undersøke transaksjonsmarknaden nærare for å skaffe seg konkret kunnskap om kva som skjer. 

– Det er nokre rapportar som gjeld heile landet, men det finst veldig lite data for Møre og Romsdal, seier Groven. 

Les heile rapporten her (ekstern lenke)

Etter å ha gått gjennom og sortert ut transaksjonar som ikkje involverte aktørar i Møre og Romsdal, fann dei 39 tilfelle som høyrde til fylket. 

Av desse var det mellom anna anna 25 reine oppkjøp, 5 kjøp av majoritetspostar og 4 større emisjonar. I om lag ein tredel av tilfella, var kjøparen ein rein finansiell investor. 

Lønsame selskap mest attraktive
Eit anna tydeleg funn i undersøkinga var at det oftast er etablerte selskap med god lønsemd og ein solid marknadsposisjon, som blir selt. 

Kring 70 prosent av bedriftene blei selt til industrielle selskap, medan dei resterande 30 prosentane hadde finansielle investorar som kjøparar. 

Groven fortel at analysen også avdekka at kapitalmarknaden i regionen er ei utfordring, spesielt for selskap i tidleg fase. Dei fann fleire eksempel på selskap som ikkje klarte hente pengane dei ønska. 

 – Samtidig finst det unntak med selskap som har lukkast med å hente større beløp. Dei er gjerne kjenneteikna av å vere meir modne og ha eit internasjonalt potensial, seier han. 

Publisert: 06.02.2026 08:56

Sist oppdatert: 06.02.2026 09:04

Mer om