(NPK-NTB): Tre av fire riggar på norsk sokkel står utan kontrakt sommaren 2017. Det set opp til 11.400 jobbar i fare.
27 av 44 riggar på norsk sokkel står utan kontrakt per 1. januar 2017. 1. august står ytterlegare fem riggar utan kontrakt, ifølgje tal frå Norges Rederiforbund, melder .
Ein rigg har normalt mellom 350 og 380 direkte tilsette. I tillegg vil fleire leverandørar bli indirekte berørte. 32 riggar utan kontrakt frå byrjinga av neste år kan dermed gjere utslag på mellom 10.500 og 11.400 jobbar.
– 2016 er vanskeleg, 2017 blir verre, og det er vanskeleg å seie noko meir om når det kan begynne å ta seg opp igjen. Per i dag er det ikkje nok aktivitet globalt sett til å dekke behovet for olje og gass, så marknaden må opp over tid, seier Sturla Henriksen, administrerande direktør i Rederiforbundet, til avisa.
Rigganalytikar i Rystad Energy, Lars Eirik Nicolaisen, trur ikkje aktivitetsnivået vil ta seg opp igjen før i 2018. Men det er avhengig av ein aukande oljepris.
– Og så vil det auke i relativt høgt tempo utover. Men det vil ikkje nå eit like høgt aktivitetsnivå som vi hadde i 2014 før godt etter 2020, seier han til avisa. (©NPK)

Publisert: 12.12.2016 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43