11,9 millionar til Gjøsund-kai
Får fiskerihamn-tilskot
NPK-NTB: For å sikre vidare utvikling av fiskeriavhengige kystsamfunn gir regjeringa 77 millionar kroner i tilskot til tolv nye fiskerihamnprosjekt.
Gjøsund hamn får 11,9 millionar kroner i tilskot til kai. Ulstein får ein million. Dei to kaien er to av i alt tolv prosjekta som får tilsegn og tilskot. Dei andre fiskerihamnene som får støtte ligg i Rogaland, Vestland, Troms og Finnmark.
– Gode fiskerihamner er viktige for å få ein meir effektiv og sikker sjøveg, og bidreg til å sikre vidare utvikling av fiskeriavhengige kystsamfunn. Regjeringa prioriterer kommunale fiskerihamner fordi vi veit at det er viktig for lokal og regional utvikling og økonomisk vekst, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) i ei pressemelding.
Kystverket forvaltar tilskotsordninga, der norske kystkommunar kan søkje om tilskot til fiskerihamnanlegg. Ordninga skal stimulere kommunar til utbygging og utbetring av infrastruktur i fiskerihamner.
Kystverket gir tilskot på inntil 50 prosent av totalkostnaden for eit prosjekt.
Publisert: 12.06.2024 20:32
Sist oppdatert: 12.06.2024 20:32