Kort fortalt

1:2-turnus i Eidesvik

Har godteke ny turnusordning for reiarlag.

23.11.2015
ID: 11677320
(NPK): Sjømannsorganisasjonane har sagt ja til at reiarlaget Eidesvik på Bømlo kan innføre ei turnusordning som skal hindre fleire oppseiingar.
Ordninga inneber at tre tilsette deler på same stilling framfor at det er to skift som i dag, fortel . Fleirtalet av dei tilsette i Eidesvik har allereie sagt ja til forslaget, og no har også sjømannsorganisasjonane gitt tilslutning til avtalen.
Tiltaket sparer ikkje reiarlaget for pengar, men ved å gå over frå 1:1 til 1:2-turnus ønskjer reiarlaget å hindre fleire oppseiingar og halde på kompetanse. Dei tilsette som blir del av ordninga, går ned 29 prosent i lønn. Ordninga gjeld til saman fem– seks skip, melder nettavisa.
Dei tilsette på land har godteke lønnsfrys i oppgjeret i år, og leiinga tek ikkje ut bonusar. Eidesvik har ifølgje Maritime.no 500 tilsette. (©NPK)

Publisert: 23.11.2015 15:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50