Kort fortalt

13.419 nye bilar i august

Fall for dieselbilar.

01.09.2017
NPK-NTB: I august vart det registrert 13.415 nye personbilar i Noreg. Delen dieselbilar held fram å falle, medan talet på hybrid- og elbilar aukar.
Medrekna dei nye bilane frå august er det hittil i år registrert 102.874 nye personbilar, noko som er 853 fleire enn i same periode i fjor, ifølgje statistikk frå (OFV).
– Gjennomsnittleg CO2-utslepp for alle førstegongsregistrerte nye personbilar var 82 g/km, det er 11 g/km lågare enn i august 2016, skriv OFV.
Til saman vart det registrert 2.784 nye personbilar med nullutslepp, 38 prosent fleire enn i august i fjor. Delen hybridbilar auka med 19,4 prosent til 4.390 bilar.
I august hadde 23,3 prosent av alle nyregistrerte personbilar dieselmotor, i august 2016 var delen 29,0 prosent.
Det vart registrert 3.667 nye varebilar i august. Det er 111 fleire enn i same månad i 2016.

Publisert: 01.09.2017 19:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41