Varddap 2
STORT OPPDRAG: Skip nummer to av fire er levert frå Vard til Windward Offshore etter dåp i førre veke. Fartøyet skal i arbeid med vindkraftutbyggng i tysk del av Nordsjøen. Frå venstre WIndward Offshore-sjef Benjamin Vordemfelde, Vard-sjef Cathrine Marti, Gudmor Emilie Sanchez, COO i Global Ship Finance Credit Agricole CIB, kaptein Wlodzimierz Jurczuk veftsdirektør Frode Klokk Yard i Vard Brattvaag og driftsdirektør Bastian Hagebeuker i Windward Offshore. Foto: Tone Molnes
Nytt

Dåp for skip nummer to i stor ordre

Vard-bygd serviceskip skal i arbeid med tysk vindkraftutbygging.

03.02.2026

I oktober 2023 bestilte det nyetablerte partnarskapet  Windward Offshore to serviceskip for vindkraftindustrien hos Vard, og i januar 2024 blei det bestilt to til.

No er dei to første levert, etter at det onsdag 28. januar var dåp for Windward Paris hos Vard Brattvåg. Søsterskipet Windward Athens vart levert i september i fjor.

Vard Brattvåg utrusta begge dei to første fartøya, medan dei to siste skal leverast frå Vard sitt verft i Vietnam seinare i år.

Bak Windward Offshore står ASSC sin offshoregrein i Tyskland, Blue Star Group GmbH & Cie KG, Diana Shipping Inc, Seraverse GmbH og Searenergy Offshore Holding GmbH.

Vard dap
Windward Paris er 87,5 meter langt og 19,5 meter breitt, med lugarplass til 120 personar. Fartøyet er utrusta med ein høgdejusterbar, bevegelseskompensert gangveg med heissystem, og eit høydejusterbart båtlandingssystem. Foto: Vard

Publisert: 03.02.2026 09:16

Sist oppdatert: 03.02.2026 09:52

Mer om