Prislappen for å bygge Stad skipstunnel kan bli betydeleg rimelegare enn tidlegare opplyst.
Det kom fram då prosjektleiar Harald Inge Johnsen i Kystverket haldt sitt innlegg under eit kunnskapsmøte om Stad Skipstunnel i Ålesund måndag.
– Det blir nokre hundre millionar kroner rimelegare, og vi håpar styringsramma eksklusiv moms kjem ned mot seks milliardar kroner, sa Johnsen.
Han vil ikkje gå meir i detalj då Nett No ber han utdjupe tala, men han viser til at styringsramma som Kystverket opplyste til departementet i fjor, var på 8,3 milliardar kroner – inkludert moms.
Om styringsramma med dei nye anslaga kjem på 6 milliardar utan moms - tilseier det ein pris på kring 7,5 milliardar kroner med moms. Det er kring 800 millionar lågare enn anslaga frå i fjor.

Får nye tal frå entreprenørane
Eit fleirtal i Stortinget bad i fjor haust om at Kystverket skulle få sluttføre forhandlingane om skipstunnelen – mot vilja til regjeringa.
Johnsen fortel at dei nye tala frå entreprenørane kjem den 24. februar. Deretter skal dei vidare til departementet tidleg i mars. Etterpå er saka venta å kome til Stortinget.
I fjor haust tok regjeringa ut skipstunnelen av statsbudsjettet, fordi dei meinte den var blitt for dyr. Tilhengarane håpar at det skal vere mogleg å få samferdsleprosjektet inn i revidert budsjett.
Ap-politikar: – Mange myter ute og går
Stortingsrepresentant Torbjørn Vereide (Ap) som er valt inn frå Sogn og Fjordane, er tydeleg på at han er tilhengar av å bygge skipstunnelen. Han er like tydeleg på at han trur det kan ta tid å overtale resten av partiet.
– Det er mange myter ute og går, seier han til Nett No.
Han lovar likevel at han saman med partifellane Per Vidar Kjølmoen og Åse Kristine Ask Bakke vil «henge på som kleggar» for å overtyde partiet om behovet for skipstunnelen.
– Det handlar om sikkerheit, liv og helse, men det handlar også om næringsutvikling, forbruk av drivstoff og andre synergieffektar, seier Vereide.
Han trur det er mest realistisk å få inn prosjektet i neste års statsbudsjett.

Akerhus-politikar er blitt overtydd
Høgre var med å sikre fleirtal for å halde fram forhandlingane om skipstunnelen i fjor haust. Det er likevel delte oppfatningar om prosjektet i partiet.
Stortingspolitikar Anne Kristine Linnestad som kjem frå Ski i Akershus, er ærleg på at ho tidlegare har vore skeptisk til prosjektet.
Etter at ho har sett seg inn i saka og besøkt landsdelen to gonger, er ho overtydd om at dette er eit «veldig viktig prosjekt» å få gjennomført, fortel ho til Nett No.
– Eg har sagt til mine folk at før ein seier nei, så må ein faktisk reise hit og ta ein prat med dei det gjeld, seier Linnestad.
– Det er veldig mange aspekt som eg vil ta med meg vidare, som også dreiar seg om meir enn sjølve tunnelen. Det er alt frå korleis ein kan bruke massane og synergieffektane ved å utvikle Stadlandet og området rundt, til sikkerheit til sjøs og busettingsmønster, legg ho til.
Frp- og Sp-politikarar vil bygge tunnelen
Også Frp var med å sikre fleirtal for at Kystverket skulle halde fram forhandlingane med entreprenørane – og har tidlegare vore klare på si støtte til prosjektet.
Sjølv om partileiar Sylvi Listhaug i fjor uttalte at ho ville sjå nærare på kostnadene, seier stortingspolitikar Frank Sve i dag at han er trygg på at han har partiet med seg for å gi grønt lys til bygging.
Det same er bodskapen frå stortingspolitikar Geir Inge Lien i Senterpartiet.

Familiane til sjøfolk er urolege
I løpet av måndagens kunnskapsmøte om skipstunnelen kom óg vitnesbyrd om korleis sjøfolk opplever å krysse det farlege havstrekninga.
Rostein-skippar Marius Strømmen fortalde at familie var urolege når han skulle segle over «Statt-en» i dårleg ver, og at dei gjerne satt og følgde med på AIS-sporinga til båten for å sjå korleis det gjekk.
– Vi tek omsyn til sikkerheita når det er snakk om rasfarlege vegar, men når det skjer til sjøs verkar det ikkje på same måten, seier han.
Han meiner årsaka rett og slett er at folk flest ikkje kjenner risikoen, eller korleis det opplevast.
Publisert: 03.02.2026 05:00
Sist oppdatert: 02.02.2026 23:08






