Kort fortalt

15 av 45 hadde manglar

15 skriftlege manglar etter kontroll på Ørskogfjellet.

18.01.2022

Statens Vegvesen hadde kontroll på Ørskogfjellet på dagtid måndag. Totalt vart det kontrollert 45 tunge køyretøy.

Totalt vart det 15 skriftlege manglar, derav fire køyreforbod eller avskiltingar.

Statens Vegvesen opplyser at eit køyretøy fekk bruksforbod for manglande underkøyringshinder, ein førar fekk vognkortgebyr grunna manglande vognkort, fleire sjåførar fekk skriftlege varslar grunna brot på køyre- og kviletidsreglar, og ein førar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Publisert: 18.01.2022 09:01

Sist oppdatert: 18.01.2022 09:02

Mer om