Kort fortalt

16-17 milliardar i lakseskatt

Nye berekningar frå Finansdepartementet.

08.05.2023

NPK-NTB: Regjeringas nye lakseskatt kan gi inntekter på inntil 16–17 milliardar i år, skriv Finansdepartementet i eit brev til Stortinget.

Brevet er eit svar på eit spørsmål frå Høgres finansfraksjon, og reknestykket er usikkert fordi det baserer seg på føresetnadene til spørsmålet, skriv NRK.

Mellom anna føreset Høgre ein bestemd laksepris, uendra valutakurs, 10 prosent auka produksjonskostnader og inga tilpassing til skatten.

Tidlegare har anslaget vore at den foreslåtte grunnrenteskatten på havbruk vil gi skatteinntekter på om lag 3,5 milliardar kroner. 16–17 milliardar er altså ein kraftig auke, men det er basert på ei rekkje føresetnader.

Publisert: 08.05.2023 21:24

Sist oppdatert: 08.05.2023 21:24