Kort fortalt

170 riggjobbar i fare

Får ikkje forlenga kontrakt.

24.02.2016
(NPK): Riggselskapet Rowan Norway får ikkje forlengd kontrakten dei har med oljeselskapet ConocoPhillips. Dermed kan opp mot 170 tilsette miste jobben.
– Dette fører med seg ein fare for at riggselskapet må kutte mellom 150 og 170 stillingar i Noreg, seier nestleiar i Industri Energi Rowan Kent Hettervik til .
Kontrakten selskapet i Sandnes har med ConocoPhillips, går ut i juni i år. Fram til då skal riggen flyttast til Ekofisk for brønnplugging. Etter kontraktslutt går dei tilsette ei usikker framtid i møte.
– Sånn har det dessverre blitt i den tørre marknaden vi ser no. Klubben vil gjere sitt beste for at dette blir ein så ryddig og rettvis prosess som mogleg, seier Hettervik. (©NPK)

Publisert: 24.02.2016 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48