(NPK-NTB): Dersom dei låge oljeprisane ikkje tar seg opp igjen vil to tredelar av den berekna oljeformuen forsvinne.
Det viser anslag gjort av . Med utgangspunkt i Finansdepartementets berekningar og at finansminister Siv Jensen (Frp) i haust anslo at verdien av olje som ikkje er tatt opp, utgjer 4200 milliardar kroner og at 3750 milliardar kroner er statens, vil to tredelar av dette forsvinne dersom oljeprisen held seg på det låge nivået han er på i dag. Det vil seie at verdien av oljeformuen blir redusert frå 4200 til 2500 milliardar kroner.
I førre veke fall prisen på nordsjøolje under 30 dollar fatet. Til samanlikning var prisen på 110 dollar sommaren 2014. Professor Ragnar Torvik ved NTNU understrekar at endringane svarar til store beløp for kvar enkelt nordmann.
– Formuesreduksjonen i den offentlege delen er på 2429 milliardar, som er 500 000 kroner per innbyggjar eller to millionar for ein familie på fire. Det illustrerer kor mykje oljeprisfallet reduserer formuen, seier Torvik.
Fordi det er knytt stor uvisse til denne type anslag og kva som vil skje med oljeprisen, vil ikkje statssekretær Paal Bjørnestad (Frp) kommentere berekningane i detalj, men seier:
– Det er liten tvil om at varig lågare oljepris på sikt vil ha konsekvensar; vi blir mindre rike enn vi trudde. Det betyr sjølvsagt at vi set inn mindre nye inntekter i fondet, og veksten i forventa realavkastning blir mindre, seier han. (©NPK)

Publisert: 18.01.2016 10:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49