Kort fortalt

19 nye Miljøfyrtårn-bedrifter på Sunnmøre

17 frå Norddal og Stranda.

10.03.2016
(NPK): Nitten nye bedrifter på Sunnmøre er no godkjende som såkalla Miljøfyrtårn. Det vil seia at dei har fått sertifikat på at dei gjer ein bevisst miljøinnsats.
Det var statssekretær Lars Andreas Lunde i Klima- og miljødepartementet som delte ut diplom til dei nitten bedriftene under Grøn Fjord konferansen i Geiranger onsdag.
Av dei nitten bedriftene kjem åtte frå Norddal kommune, ni frå Stranda kommune og to frå Ålesund kommune.
Å vera Miljøfyrtårn betyr systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Bedriftene oppfyller krav og gjennomfører tiltak for ei meir miljøvennleg drift og godt arbeidsmiljø, heiter det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune som har vore med og kontrollert og godkjent dei bedriftene som no er sertifiserte. (©NPK)

Publisert: 10.03.2016 12:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47