Kort fortalt

19-åringar investerte i garnbåt

Kjøpte båt frå Ålesund.

21.02.2023

Dei to 19-åringane Joakim Hofseth Hatløy og Andreas Utgård frå Ulstein har investert i ein 11 meter lang garnbåt som vil få namnet «Kystbuen», skriv Vikebladet.

Neste månad vil dei to unge fiskarane reise nordover for Lofotfiske og målet er å ta kvota på tjue tonn.

– På lenger sikt er draumen å utvide prosjektet vårt og kjøpe ein båt til. Og vi har lyst til å prøve oss på snurrevadfiske etter kvart, seier Hatløy til avisa.

Dei unge karane har starta Hatløy & Utgård Fiskeri As og skal handtere lån på fleire millionar kroner etter investeringa.

Seljar av båten som no heiter «Safir», er Kjetil Måløy frå Ålesund, og den har vore nytta til fiske på Sunnmøre og Lofoten.

Publisert: 21.02.2023 09:37

Sist oppdatert: 21.02.2023 09:39