NPK-NTB: Sjølv om landbruksnæringa er blant dei beste i retur av plast, blir meir enn 2.000 tonn kvart år ikkje levert til gjenvinning, skriv Klassekampen.
Det er i hovudsak plast frå rundballar som utgjer den ikkje-returnerte plasten, ifølgje Grønt Punkt.
– I 2018 vart det selt 12.844 tonn rundballeplast. Av dette vart cirka 83 prosent returnerte til mottak for gjenvinning, seier kommunikasjonsrådgivar Arve Martinsen i Grønt Punkt Noreg til .
Ifølgje Martinsen er Noreg leiande i Europa når det gjeld plastretur. Han seier til avisa at det rår noko usikkerheit rundt tala, då plast ikkje nødvendigvis må brukast det året han blir kjøpt inn, men at det over eitt år stemmer at minst 2.000 tonn ikkje går til materialgjenvinning.
Ein anonym gardbrukar peikar på fleire hinder for å returnere plast, mellom anna at retur kan vere kronglete og tidkrevjande. Mottaka tar berre imot rein plast utan tau og nettet ein først legg rundt grasballen, før plasten blir lagt rundt.
I tillegg kunne ordninga i dag, der bøndene betaler miljøavgift for plasten, og seinare leverer gratis, med hell vorte endra, seier bonden til Klassekampen.
– Hadde det vore motsett, at vi fekk ein sum for å levere inn, ville det vore eit incitament for å levere inn meir, seier han. Han seier vidare at det «umogleg kan vere noka hemmelegheit» at ein del plast rett og slett blir brent.

Publisert: 19.08.2019 08:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33