Kort fortalt

21,8 milliarder i varer frå Russland i fjor

Det var ein kraftig auke frå året før.

17.03.2022

Noreg har eit kraftig handelsunderskot med Russland. Totalt importerte vi varer til ein verdi av 21,8 milliardar kroner i 2021, opp med 58,9 prosent frå 2020.

Noreg har slutta seg til ei rekkje sanksjonar mot Russland som følgje av invasjonen av Ukraina. Korleis krigen vil påverke norsk utanrikshandel kan ein tidlegast sjå i tala for mars månad, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

Matvarer, metall, brenselstoff og kjemiske produkt er blant varene Noreg tradisjonelt sett importerer mykje av frå Russland. I 2021 importerte vi aluminium for nesten 5 milliardar kroner, medan importen av nye dekk til personbilar utgjorde i overkant av 1 milliard kroner.

Noreg eksporterte varer til Russland for i alt 3,7 milliardar kroner i 2021. Av dette utgjorde dyrefôr nesten 1 milliard kroner. Andre viktige eksportvarer til Russland er maskiner, transportmiddel og fisk. Sistnemnde enda på 195,2 millionar kroner i fjor og bestod hovudsakleg av smolt til oppdrett.

Til Ukraina eksporterte Noreg varer for 2,7 milliardar kroner i 2021, og fiskeeksporten utgjorde 2,2 milliardar, tilsvarande 1,9 prosent av den totale norske fiskeeksporten.

Importen av varer frå Ukraina var på berre 661,4 millionar kroner i 2021.

Publisert: 17.03.2022 11:05

Sist oppdatert: 17.03.2022 11:07

Mer om