Kort fortalt

25 prosent lågare pris utan utanlandskablar

Ny analyse om straumprisane.

29.08.2022

(NPK-NTB): Utan dei to nye utanlandskablane ville straumprisane falle 25 prosent, ifølgje ny analyse. Krigen i Ukraina gjer at utanlandskablane får større priseffekt.

– Statnetts anslag for dei nye utanlandskablane er utdaterte, seier analysesjef Tor Reier Lilleholt i Volue Insight til Dagens Næringsliv.

Volue Insight har gjennomført ei ny simulering av kva kraftprisane ville vore utan dei to nye kablane til Tyskland og England som vart sett i drift i fjor. Lilleholt har brukt Sintefs modell for den nordiske kraftmarknaden, og lagt til grunn dagens prisar på gass, brensel og CO2, og dessutan normalår vêrmessig basert på dei siste 30 åra.

– Då ser vi at utan dei to nyaste kablane, ville prisane vore 25 prosent lågare i Sør-Noreg, seier han.

Lilleholt meiner det er krigshandlingane som har utløyst dei ekstreme gassprisane, som no er det tidoble av normalen. Årsaka er at Russland har kutta store delar av gasseksporten sin til Europa. Fram til i fjor sommar stod Russland for 40 prosent av gassen til forbruk i Europa.

– Hadde vi hatt normalt med vatn i magasina, ville effekten av kablane vore langt mindre. Men når vi har så låge magasin som no, vil også dei høge prisane halde seg lenger, seier han.

Årsaka er at dei nye kablane, som har langt større kapasitet enn dei andre utanlandskablane, gjer at det vil ta lengre tid å fylle magasina.

– Utan kablane anslår vi at ein ville hatt ganske normale vassmagasin mot slutten av neste år. Med kablane ser vi at ein ikkje får normal vasstand før langt uti 2024, kanskje endå seinare, seier Lilleholt.

(©NPK)

Publisert: 29.08.2022 13:47

Sist oppdatert: 29.08.2022 13:49

Mer om