(NPK-NTB): I første halvår blei det eksportert sjømat for 42,6 milliardar kroner. Det er 25 prosent meir enn året før.
Laks stod for 27,9 milliardar av eksportkronene, men «så å seie heile sjømatnæringa har hatt eit fantastisk første halvår», opplyser i ei pressemelding.
– Den norske sjømatnæringa opplever ein enorm vekst i eksportverdi første halvår. Dei gode tala viser at det er stor etterspørsel og at vi oppnår gode prisar for den norske sjømaten. Ein gunstig valutasituasjon bidrar sjølvsagt positivt, seier kommunikasjonsdirektør Geir Håvard Hanssen.Lakseeksporten auka med 28 prosent og bidrog dermed til å trekke snittet opp for sjømaten sett under eitt.
– Auka global etterspørsel kombinert med redusert norsk eksportvolum har drive prisen oppover. EU-marknaden har beheldt sin del, mens eksporten til USA har auka, seier analytikar Paul T. Aandahl i Noregs sjømatråd. (©NPK)

Publisert: 05.07.2016 12:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45