NPK: Laurdag 2. september markerer Kystverket saman med Runde Grendelag, Herøy kommune og Ålesund og Sunnmøre Turistforening at det er 250 år sidan det første kolfyret vart tent på Runde på Sunnmøre.
Jubileet skal feirast med eit variert familieprogram utover ettermiddagen laurdag, mellom anna gratiskonsert med visesongaren Ola Bremnes, Tore Bruvoll og Runde blandakor. Det blir òg historieforteljing ved Guri Aasen og Harald Runde og utdrag frå Rundaspelet.
På konsertprogrammet står mellom anna Ola Bremnes-songen "Har du fyr", som hyllar fyra og den viktige funksjonen dei har for folk som ferdast på havet.
– Fyrstasjonen på Runde er ein av dei eldste i landet og har ei lang og tidvis dramatisk historie. Samtidig er fyrstasjonen i dag godt besøkt og er tilgjengeleg for folk flest som sjølvbeteningshytte for Ålesund og Sunnmøre Turistforening. Da seier det seg sjølv at vi må slå på stortromma og invitere til ei storstilt markering, seier regiondirektør Harald Tronstad i Kystverket Midt-Noreg.
Fyret på Runde var i 1767 det sjette fyret i Noreg og det første nord for Stad. Den freda fyrstasjonen vart heilautomatisert i 2002 og har etter den tid vorte renovert og sett i stand til det runde åremålet.

Publisert: 01.09.2017 12:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41