Kort fortalt

28 mrd. i klimaskader på ti år

Ekstremnedbør står for nær halvparten.

29.03.2022

(NPK-NTB): Dei siste ti åra har natur- og vêrskadar ført til erstatningar på over 28 milliardar kroner i Noreg. Ekstremnedbør står for nær halvparten, seier Finans Norge.

Finans Norge, som organiserer dei fleste av forsikringsselskapa i landet, legg tysdag fram ein klimarapport som viser omfanget av naturskadar dei siste ti åra.

Ifølgje rapporten aukar omfanget av klimarelaterte skadar i Noreg. Dei trekkjer fram at det mellom anna ofte blir skadar etter ekstremnedbør, som det kjem stadig meir av i Noreg.

Skadar etter ekstremnedbør står for rundt halvparten av erstatningane etter alle vêr- og naturskadar dei siste ti åra, ifølgje rapporten.

På den andre sida kjem 10 prosent av skadane frå frost, 8 prosent frå lyn, 15 prosent frå storm, 7 prosent frå skred og 19 prosent frå stopp i avløp og tilbakeslag. I tillegg kjem skadar på veg og infrastruktur, som rapporten ikkje tek for seg.

Direktør Hege Hodnesdal for skadeforsikring i Finans Norge seier ekstremnedbørs-hendingar ofte fører til mange skadar på kort tid.

– Stadig oftare rammes tettbygde og sentrale strøk der mange bur, av plutseleg styrtregn. Då kjem svært mange skadar samtidig, seier ho.

Av dei ti største naturskadehendingane sidan 1980 har sju komme etter 2010, viser tala frå Finans Noreg. Også i tidlegare periodar har det vore store hendingar, men då sjeldnare.

Kvikkleireskredet som ramma Gjerdrum 30. desember 2020 er den verste naturskaden i nyare tid. Kvikkleireskredet kosta ti menneske og eit ufødd barn livet.

I rapporten påpeikar Finans Norge at det er billigare å førebyggje enn å reparere i etterkant av naturskadehendingar. I tillegg kan det forhindre alvorleg skade.

Organisasjonen meiner det er bra at fleire kommunar tek klimaomsyn og tilpassar aktuelle utbyggingsområde etter klimaet i framtida, men etterlyser òg oversikt over fare for naturskade der det allereie er busetnad.

Publisert: 29.03.2022 11:25

Sist oppdatert: 29.03.2022 11:27

Mer om