30 nye regjeringsutval på halvtanna år
Frp-leiar Sylvi Listhaug kritisk.
(NPK-NTB): Etter at Arbeidarpartiet og Senterpartiet tok over makta i september 2021 har regjeringa sett ned 30 ulike utval.
Aller flest, nesten ein tredel av utvala, er sette ned av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap), melder NRK. No får regjeringa, og særleg helseministeren, kritikk frå Frp.
– Handlekraft vil eg ikkje kalle det, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug til NRK.
– Av og til er det fornuftig, men av og til er det eit uttrykk for at ein skyv ting framfor seg, i staden for å ta tak i problema, seier Listhaug.
Helseminister Kjerkol avviser kritikken.
– Eg set ikkje ned utval for moro skuld. Det er for å få til nødvendige endringar av helsetenesta, sånn at både denne og kommande generasjonar får gode helsetenester når dei treng det, seier ho.
Kjerkol seier dei skal leggje fram mange saker for Stortinget i 2023, og dei må vere godt utgreidde.
(©NPK)
Publisert: 22.02.2023 09:22
Sist oppdatert: 22.02.2023 09:24