Sylvi Listhaug Svein Rune Gjerde Knut Erik Engh Marin Teknikk foto Marius Rosbach 11
HERØY-BESØK: Frp-leiar Sylvi Listhaug med partikollega - og tidlegare Marin Teknikk-tilsett - Knut Erik Engh (t.h.) på besøk hos administrerande direktør Svein Rune Gjerde i den familieeigde skipsdesignbedrifta Marin Teknikk i Herøy. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Næringslivet føler at dei taper på alle frontar

Frp-leiar Sylvi Listhaug får mange uro-meldingar om dagen. På besøk hos Marin Teknikk fekk ho nokre til.

Marius Rosbach
17.01.2023

Frp-leiar Sylvi Listhaug vitja måndag Herøy-bedrifta Marin Teknikk for ei oppdatering om kva utfordringar dei møter. Og det mangla ikkje på klare meldingar frå eigar og sjef ved skipsdesignbedrifta, Svein Rune Gjerde.

NETT NO har tidlegare omtala korleis Gjerde får om lag dobla rekninga til formuesskatt i løpet av få år. Etter to magre år må Marin Teknikk-eigaren framleis tappe bedrifta for betydelege beløp for å betale den personlege skatten.

Åtvarar mot skatteskjerpingane
Gjerde skulle gjerne hatt dei millionane i formuesskatt i bedrifta, til å betale fleire tilsette.

– Då hadde vi hatt ein heilt anna situasjon når det kjem til bemanning her, la han til.

Han åtvarar mot at skatteskjerpingane med Støre-regjeringa vil gjere at mange familieeigde bedrifter langs kysten, ville gå over ende.

– Det som skjer no, er så destruktivt, sa Gjerde: – Om Marin Teknikk ikkje eksisterer om fem år, så går Norge vidare. Men mange er i same båt - og om mange nok forsvinn, så er det ein tragedie.

Mange er i same båt - og om mange nok forsvinn, så er det ein tragedie
Svein Rune Gjerde

- Kvifor skal vi forskjellsbehandlast
Det som kanskje skaper størst frustrasjon hos Gjerde, er at utanlandskeigde konkurrentar - også i lokalmiljøet slepp unna kostnaden med formuesskatten.

- Det hadde vore greitt om alle måtte gjere det, seier han.

Han viser til Kongsberg Maritime – med den norske staten som stor eigar, og Vard-konsernet – med statseigde Fincantieri i Italia som eigarar.

- Kvifor skal vi forskjellsbehandlast? spurde han.

- Det er absolutt noko ein må sjå på, for å gjere at bedriftene ikkje taper på å ha norske eigarar, sa Listhaug som svar på den utfordringa.

Vil gjere det attraktivt å drive business
Listhaug seier formuesskatten vil vere «eit viktig tema», og at det vil vere ein «viktig prioritet» for Frp å gi rammevilkår som gjer det attraktivt å drive business i Norge.

Samtidig peiker ho på at det er lenge til neste stortingsval i 2025 og eventuell regjeringsmakt.

- Det som har skjedd no på kort tid skremmer oss. Næringslivet føler at dei taper på alle frontar, sa Listhaug.

Mange kjenner seg uthengde
Partileiaren fortalde at ein del av tilbakemeldingane dei får frå bedrifter, er at dei kjenner seg uthengde som småkriminelle når LO-leiaren seier at no skal «vi ta dei rike».

Grunnrenteskatt for oppdrettsbransjen, er mellom endringane Listhaug har merka seg vil råka Nordvestlandet hardt.

Ho trekte óg fram auka straumkostnader som eit stort problem for mange bedrifter, spesielt på Aust- og Sørlandet.

- Oslo-området har eit anna verdsbilde
Ulstein-ordførar Knut Erik Engh meiner det er behov for å dreie debatten om skatteskjerpingane inn på eit anna spor.

Han vil ha mindre merksemd om Røkke og laksebaronar, og meir merksemd om kva lokalt eigarskap betyr når det gjeld å skape gode lokalsamfunn.

– Realiteten er at det er desse som skaper verdiane og velferda, sa Engh.

Han rosa Marin Teknikk-eigaren for å «stå fram» og fortelje korleis politikken påverkar dei. Ulstein-ordføraren peika på eit stadig meir tydeleg politisk skilje mellom det sentrale Austlandet og kysten.

– Kyst-Norge ser at her ber det fullstendig galt av stad, medan innlandet og Oslo-området har eit anna verdsbilde. Mine ordførarkollegaer her frå Arbeiderpartiet og Senterpartiet, er mildt sagt frustrert over eiga regjeringa, la Engh til.

Podium

E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

Publisert: 17.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 17.01.2023 15:18

Mer om