(NPK): Av dei 33 undersjøiske tunnelane her i landet, er det berre ein som oppfyller dei nye krava til tryggleik.
Det fortel . Vegdirektoratet kom i fjor med nye krav der det maksimalt skal vera 5 prosent stigning i undersjøiske tunnelar. Grunnen er at bratte tunnelar aukar risikoen for tekniske vanskar og brann hos større køyretøy, fortel kanalen.
Etter desse krava er heile 32 av dei 33 undersjøiske tunnelane her i landet for bratte. Enkelte meiner dei nye reglane er urimelege.
– Etter dei nye forskriftene er det problematisk å i det heile klara å byggja undersjøiske tunnelar, seier styreleiar i Nordøyvegen AS i Møre og Romsdal, Bjørn Sandnes.
Prosjektet han er styreleiar for, har tidlegare fått dispensasjon for å byggja tre undersjøiske tunnelar, men denne veka kom det kontramelding om at tunnelane er for bratte. (©NPK)

Publisert: 04.03.2016 12:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47