Kort fortalt

6.000 selskap har søkt om koronahjelp

NHO kritisk til deler av ordninga.

21.04.2020
NPK-NTB: På tre dagar har 6.000 bedrifter som er ramma av koronakrisa søkt om statleg kontantstøtte. Dei store selskapa blir forskjellsbehandla, meiner NHO.
Ordninga er ei kontantoverføring frå staten til bedriftene, og formålet er å unngå unødvendige konkursar og oppseiingar. Regjeringa har lagt vekt på at løysinga skal vere enkel og effektiv slik at pengane kjem raskt ut.
Ho blir likevel ikkje godt motteke av alle selskap, skriv Klassekampen. Peter Stordalens hotellkjede Nordic Choice er blant dei som får mindre hjelp frå staten.
«Vi jobber med å få den fulle oversikten over det som skulle være en enkel kompensasjonsordning, men som er endt opp med å bli ganske komplisert», skriv administrerande direktør Torgeir Silseth i Nordic Choice Hotels i ein e-post til avisa.
Silseth meiner ordninga diskriminerer større arbeidsgivarar, og viser til at ho til dømes forskjellsbehandler to hotell på bakgrunn av organisering og eigarskap.
Makstak for støtte er ordinært 30 millionar kroner, medan større selskap og konsern kan få opptil 80 millionar kroner dekt. NHO-sjef Ole-Erik Almlid peikar på at dei større selskapa på denne måten får kompensert ein mindre del.
«Det er synd at løsningen man havnet på medfører forskjellsbehandling basert på størrelse», skriv Almlid til Klassekampen og seier det vil gi ein uheldig konkurransevridning.

Publisert: 21.04.2020 07:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28