Collage Jan Endre Vartdal Egil Giortz Arne Johan Rebbestad foto Ogne Giortz Marius Rosbach
STÅR BAK: Frå venstre Jan Endre Vartdal, Egil Giørtz og Arne Johan Rebbestad vil bygge forretnings- og bustadbygg i åtte etasjer i Ørsta. Også Sindre Vartdal er medinvestor. Dei er investorar gjennom eigne selskap. Foto: Ogne Øyehaug, HI Gjørtz og Marius Rosbach.
Nytt

Inviterer til folkemøte om nybygg

Vil teste marknaden for investering på 250-300 millionar kroner i Ørsta.

27.01.2026

Går alt etter planen blir det byggestart i løpet av hausten for bustad- og forretningsbyggprosjektet til Vartdal Plast-medeigarane Jan Endre og Sindre Vartdal og daglegvare- og eigdomsinvestorane Arne Johan Rebbestad og Egil Giørtz.

Planen er eit åtte etasjers bygg på den såkalla Mørebil-tomta i Ørsta sentrum som Rebbestad og Giørtz sikra seg i 2014. Undervegs kom også brødrene Vartdal inn på eigarsida, og no nærmar det seg byggestart.

Dei to nederste etasjane skal romme butikk, kontor og parkering medan det blir omlag 45 leilegheiter i dei seks øverste etasjane.

Vil vere fleksible
Jan Endre Vartdal anslår ein prislapp på mellom 250 og 300 millionar kroner for heile prosjektet og at prisen på leilegheitene vil variere frå tre-fire millionar kroner og til eit tosifra millionbeløp.

Torsdag 5. februar planlegg investorane eit folkemøte i Ørsta for å presentere og informere om prosjektet. 

Eitt poeng med møtet er å få tilbakemeldingar for å eventuelt gjere justeringar for å treffe marknaden best mogleg. Alle detaljane er ikkje spikra og det er framleis råd å vere fleksibel, ifølgje Vartdal.

Morebiltomt orsta skisse
VED SMÅBÅTHAMNA: Bustadane får småbåthamna i Ørsta som nabo og dei øverste etasjane vil ruve over resten av bygga i sentrum . Illustrasjon: Notar

Har halvert talet på leilegheiter 
Då investorane presenterte planane for Mørebil-tomta første gang, var det snakk om å bygge 90 leilegheiter på tomta.

Det ville gitt eit meir massivt bygg enn det som no er planlagt. 

45 leilegheiter er og eit tal på bustadar investorane bak, trur er meir i samsvar med kva marknaden i Ørsta kan ta unna, ifølgje Vartdal.

Publisert: 27.01.2026 05:00

Sist oppdatert: 27.01.2026 05:38

Mer om