6 millionar til byutviklingsprosjekt
Foreslår vel 1,2 millionar kroner til Hessa-prosjekt.
Fylkeskommunedirektøren foreslår å tildele nær 6 millionar kroner til nærmiljøanlegg i Ålesund, møteplassar og grøne forbindelsar i Kristiansund, nabolagsprosjekt ved Lundavang, smart strømstyring og sentrumsaktivitetar i Molde.
Det opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Midlane blir fordelt gjennom byutviklingssatsinga «Byen som regional motor», og er ein del av fylkeskommunen sitt «Program for berekraftig by- og tettstadutvikling». Saka skal behandlast i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet tysdag 14. juni.
Midlane er foreslått tildelt slik:
Kristiansund kommune:
- 2 376 000 til «Møteplasser og grønne forbindelser»
Ålesund Kommune:
- 1 250 000 til «Nærmiljøanlegg ved nye Hessa barneskole»
Molde kommune:
- 1 000 000 til «Lundavang – et nabolag med det gode liv»
- 300 000 til «Fremtidens energi – smart strømstyring»
- 800 000 til «Aktivitetsbyen Molde»
Dette er prosjekta:
Kristiansund kommune - «Møteplassar og grøne forbindelsar»
- ulike tiltak for sentrale deler av Kristiansund.
Kommunen ønsker å ruste opp byparken på Kirklandet, etablere gode og trygge forbindelsar mellom byparken og byrom som er under bygging – slik som området rundt Normoria og Campus Kristiansund. Dei ønsker også å utvikle møteplassar til større prosjekt på Gomalandet. Kunst, belysning og sitteplassar er ein del av prosjektet.
Ålesund kommune - «Nærmiljøanlegg ved nye Hessa barneskole»
Ålesund kommune skal planlegge eit nytt nærmiljøanlegg for alle ved Hessa skule. For at kunst skal bli ein del av utforminga av prosjektet ønsker dei å involvere ein kunstkonsulent og/eller kunstar tidleg i prosessen. Dei vil også bruke ein miljørådgivar i arbeidet, for redusering av klima- og miljøavtrykk. Midlane skal gjere det mogleg å teste ut nye løysingar som kan gjere næringsmiljøanlegget til eit døme på berekraftige uteområde.
Molde kommune - tre ulike prosjekt:
- «Lundavang – eit nabolag med det gode liv»
- «Framtidenes energi – Smart straumstyring»
- «Aktivitetsbyen Molde».
Lundavang – eit nabolag med det gode liv
Molde kommune ønsker å sette ny standard for utvikling av nabolag med «det gode liv» i byen, gjennom grundige medverknadsprosessar. Dette ønsker dei å få til med ny bruk av sjukehustomta Lundavang.
Når nabolaget skal byggjast ut, ønsker Molde kommune å ta omsyn til livsløpskostnader og lønnsemd – både på kort og lang sikt. Dei vil også sørge for tilrettelegging av næring, kultur og tenestetilbod til innbyggarane.
Kommunen ønsker å bruke løysningar som både legg til rette for miljøkrav under bygging, men som også tek vare på naturen i ettertid. Nabolaget skal vere tilpassa alle generasjonar og nivå av funksjonalitet, og ha varierte sosiale møteplassar og aktivitetstilbod.
Framtidas energi – Smart straumstyring
Molde kommune ønsker å finne ut kva effekt smart straumstyring kan ha på belastning av straumnettet.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Smart MOlde, Istad Kraft, Elinett og Molde Eiendom KG og skal tilby husstandar i eit bustadsområde i Molde å få installert eit smart straumstyringssystem i eitt år. Deretter skal prosjektet vurdere gevinstane på klima, økonomi og engasjement, og avgjer vegen vidare for implementering i større skala.
Aktivitetsbyen Molde
Molde Sentrum AS og Molde kommune ønsker å skape berekraftige og attraktive aktivitetar i sentrum. Et levande sentrum i regionen har stor betydning for dei som allereie bur og jobbar her, men også for dei som besøker Molde eller vurderer å flytte heim.
Prosjektet ønsker ulike type aktivitetar:
- Aktivitetar som bidreg til miljømessig berekraft, som bruktmarknad, byttedag osv.
- Aktivitetar for barn og barnefamiliar.
- Aktivitetar retta mot frivillige lag og organisasjonar.
- Samskaping med innbyggarar, studentar, det offentlege og næringslivet om utvikling av nye aktivitetar.
Midlar til berekraftig byutvikling i Ålesund, Molde og Kristiansund kommunar skal bidra til å utvikle inkluderande og trygge byar med særpreg, som tilbyr gode bumiljø og offentlege rom, attraktive arbeidsplassar, eit variert kultur- og tenestetilbod, og miljø- og klimavennleg byutvikling.
Publisert: 10.06.2022 16:42
Sist oppdatert: 10.06.2022 16:45