Om lag 30 prosent av alle elevar som går yrkesfag på vidaregåande skule, fullfører ikkje utdanninga si.
Det er berre ei av årsakene til at det er verdt å bruke tida på noko som blir kalla yrkesfagleg fordjuping – forkorta YFF. Det er eit fag vidaregåande elevar møter dei første to åra i utdanningsløpet.
Poenget er at elevar skal få prøve ut faga dei er mest nysgjerrige på, og få eit grunnlag for å velje vegen vidare og kva fagbrev dei vil ta.
– Dei bedriftene som bidreg og er synlege, ser at det er enklare å rekruttere lærlingar. Sjølv om det kan vere vanskeleg å gjennomføre – så gjer det ting enklare i det lange løp, seier André Tranvåg.
Overingeniøren ved NTNU sitt institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk har skrive masteroppgåve om yrkesfagleg fordjuping – som han kallar «ein nøkkel til meistring i framtidig yrke».

Treng at fleire småbedrifter deltek
Tranvåg har fordjupa seg i YFF-organiseringa for teknologi og industrifag. Måndag la han fram noko av det han hadde funne ut i arbeidet med masteroppgåva si, ved ein utdanningskonferanse ved NMK.
– Vi må ha inn fleire og meir varierte bedrifter for at elevane skal få meir erfaring frå fleire yrker. Ikkje minst treng vi små bedrifter og ikkje berre dei store, seier han.
Tranvåg forstår godt at småbedrifter med tre-fire tilsette slit med å ta i mot lærlingar eller elevar, spesielt i ei tid då fleire opplever at drifta blir pressa på marginar på ulike måtar.
– Eg trur det er ein kombinasjon med at ein manglar midlar, samtidig som ein sjølv er så oppteken med det daglege, seier han.
– Krev tid og ressursar
Tranvåg meiner erfaring frå arbeidslivet kan vere avgjerande for å sikre vellukka utdanningsløp og auke rekrutteringa til fleire bransjar.
Samtidig viser tal frå vidaregåande skule at berre 15 prosent av elevane på vg1-trinnet nytta seg av bedriftene som læringsarena.
Potensialet for betring er med andre ord stort. Og Tranvåg meiner bedriftene sin innsats er avgjerande.
– Ein må forstå at det å tilsette ein lærling både krev tid og ressursar, og ein kan ikkje tenke økonomi i opplæringsperioda, legg han til.
Anbefaler å utvide nettverket
I arbeidet med masteroppgåva intervjua Tranvåg mellom anna faglege leiarar i åtte ulike bedrifter.
Eit av dei viktigaste funna var at nettverka av bedrifter i YFF-ordninga bør utvidast slik at elevane får fleire praksisplassar og erfaringar.
– Det er også eit ønske om at elevane er lengre ute i bedriftene. Fleire fortalde at elevane gjerne kan vere det i månadsvis. I dag er det gjerne ikkje lang tid, seier han.
Lærarane som blei intervjua i masteroppgåva påpeika at god kommunikasjon i bedriftene er viktig i arbeidet med unge. Dei ønska også at fleire bedrifter engasjerte seg i aktivt i faga.
Publisert: 04.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 06.11.2025 07:49






