Kort fortalt

60 fekk oppseiing ved Vard Aukra

Vert jobba med løysing for vidare drift.

27.11.2019
60 av dei 80 tilsette ved Vard Aukra fekk måndag oppseiing. Dei 20 andre skal jobbe ved verftet til ein fiskebåt er levert i desember, men over nyttår er ordreboka tom og då må dei også gå, melder .
Tillitsvald Arild Småge i Fellesforbundet fortel om ei trykka stemning.
– Nokre har alt skaffa seg anna arbeid. Men dette rammar jo ekstra hardt ektepar der begge har vore tilsett her. Heldigvis vert det jobba intensivt med ei framtidig løysing for både drift og eigedom, seier han til avisa.
Det blir jobba med finansiering for eigedomsselskap og driftsselskap, men situasjonen er ikkje avklart enno, fortel Aukra-ordførar Odd Jørgen Nilsen til .

Les også:



Publisert: 27.11.2019 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31