Kort fortalt

77 av dei 100 rikaste i Noreg er arvingar

Dei fleste rikingar har arva formuen.

19.10.2015
(NPK-NTB): Blant dei 100 rikaste her i landet er det berre 23 personar som har bygd opp formuen frå grunnen av.
Likningslistene som vart lagt fram fredag, viser at 77 av dei 100 med størst formue her til lands, starta med ei stor arv, ifølgje .
Listene viser også at dei 1.000 rikaste i Noreg har auka formuane sine med over 45 prosent sidan 2006.
– Dei rike held fram med å vere rike. Det er ikkje store bevegelsar frå år til år. Folk som er fødde med ein stor formue lever under vilkår som inneber at formuen deira held fram med å vere blant dei 100 største i landet, seier Kalle Moene, professor ved Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo. (©NPK)

Publisert: 19.10.2015 08:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50